SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 67 skann 69

krava som gjeld for realskolen; dernest skal ein leggje vinn på å auke det aktive og serleg det passive ordtilfanget, for røynsla har synt at dersom ein har aktivt herredøme over eit knapt ordtilfang, kan eit monaleg større passivt ordtilfang snøgt bli aktivisert, når det er bruk for det. Gjennom munnleg opplæring og tekniske hjelperåder skal ein venje elevane til å høyre, skjøne og bruke engelsk. Gjennom ålmennkulturelt og i nokon mon gjennom fagleg orientert lesetilfang skal ein prøve å gje dei føresetnader til å fylgje med i ålmenn og fagleg litteratur på engelsk språk. Når det gjeld engelsk som orienteringsfag, skal ein gje elevane auka kjennskap til Storbritannia, Det britiske samveldet og U. S. A. I dei tre fyrste klassane i det 5-årige A-, B-gymnaset og i det 4-årige landsgymnaset blir undervisningsmåten som i den 3-årige realskolen, og den skriftlege prøva ved utgangen av III. klasse blir som prøva ved realskoleeksamen. I avgangsklassen blir det tekstgjennomgåing med samtale på engelsk, ekstemporallesnad, delvis som i III. klasse på engelsklina, eller omsetjing av ordlag og setningar, jamvel av heile tekster, med einskildspørsmål på engelsk til eleven, når ein har for seg fagleg og litterær lesnad som byd på vanskar. Stutte elev-utgreiingar eller samtalar i samband med fri lesnad, film, radioprogram, personlege opplevingar kan vere nyttige; like eins av og til små skriftlege øvingar, brev, søknader, sjølvbiografiske data osb. Leseverket i avgangsklassen skal ha lesnad med ein språkleg vanskegrad om lag som engelsk normalprosa. Leseverket for desse linene bør ha stykke med emne a) frå moderne engelsk og amerikansk samfunnsliv, gjerne med biografiar av kjende menn og kvinner (kunstnarar, vitskapsmenn, politikarar), b) frå moderne vitskap, teknikk og internasjonalt samarbeid, c) frå engelsk og amerikansk litteratur, med stykke av dei fremste forfattarane i det 20. hundreåret. Ved den munnlege avgangsprøva i IV. klasse skal eleven prøvast i eit pensum på 120 sider. Av dei skal 90 sider (70 s. på reallina i 4-årig gymnas) vere lesne i avgangsklassen. Av dei 90 (70) sidene skal ein ta 40 sider frå faglege og/eller litterære stykke som i leseverket er stjernemerke, av di dei er valde meir ut frå fagspråklege eller litterære omsyn enn stykka elles. Når det gjeld desse 40 sidene, får eksaminanden setje om spesielt vanskelege ordlag og setningar eller heile teksta og svare på einskildspørsmål. Framgangsmåten ved artiumsprøva når det gjeld samtale-lesnaden (80 sider), er den same som ved den munnlege prøva ved realskoleeksamen. Ekstemporalen skal ha ein språkleg vanskegrad om lag som lettare engelsk normalprosa.
Skann 69 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 67». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/69/