SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 66 skann 68

med pensum-stykket. Det er dessuten høve til å gi eksaminanden tilleggsspørsmål i det kursoriske pensum. Det blir deretter lagt fram for eksaminanden et stykke engelsk tekst som han ikke har lest før, om lag ¾ oktavside langt. Før han leser det opp høyt, får han høve til å se det igjennom. Etter gjennomlesinga og opplesingen skal han enten med lukket bok føre en samtale på engelsk med eksaminator om teksten eller omsette teksten til norsk. Ekstemporalen må ikke være lettere enn vanlig engelsk normalprosa. Engelsklina, 4-årig landsgymnas (6—7—10—8 t.) Dei to fyrste åra går ein hovudsakleg etter planen for den 2-årige realskolen, men slik at ein held fram med fyrste bandet av leseboka for realskolen til ein på nyåret i II. klasse tek i bruk fyrste bandet av leseverket for engelsklina. Skriftleg ved årsprøva i II. klasse kan vere om lag som skriftleg prøve ved realskoleeksamen. Andreklassen skal ikkje kombinerast med andre liner i engelsk. Den fyrste månaden av III. klasse held ein fram etter planen for III. klasse av det 5-årige gymnaset. Resten av skoleåret og i IV. klasse les ein etter planen for IV. og V. klasse av det 5-årige gymnaset. Det er viktig, kanskje serleg i III. klasse, å nytte pedagogiske hjelperåder i undervisninga. Norrønlina med engelsk som nyspråkleg hovudfag (6—7—7—7 t.) Planen blir med ymse tillempingar den same som leseplanen for engelsklina, alternativ B. Real-, latin-, naturfag-, og norrønlina med tysk som nyspråkleg hovudfag (5-årig A-gymnas 7—6—4—4—0 t.) (5-årig B-gymnas 4—4—4—4—0 t.) (4-årig landsgymnas 6—5—4 (5)—4 (3) t.) Målet for opplæringa på desse linene er å auke evna hos elevane til å skjøne og bruke engelsk språk, og å gje elevane orientering i kulturliv og samfunnsliv i den engelsktalande verda. Når det gjeld engelsk som språkleg reiskap, skal ein fyrst fylle — 66 —
Skann 68 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 66». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/68/