SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 55 skann 57

Skriftlege øvingar held ein fram med på skolen, fyrst 1 time om veka, sidan 2 timar. Læraren kan, som i B-realskolen, av og til gje elevane skriftlege arbeid i friare former ved sida av dei vanlege attforteljingane, anten på skolen eller heime. Læreboksverk Elevane ved 2-årige realskolar skil seg i evner og arbeidsdugleik ut frå vanlege elevar i den 3-årige realskolen. Dette kunne gjere det føremålstenleg med serskilt læreboksverk som tok omsyn til 2-årsprogresjonen i undervisninga. Munnleg eksamen Ved den munnlege avgangsprøva skal eleven prøvast i det pensum som er lesi i avgangsklassen. Framgangsmåten ved denne prøva er den same som ved 3-årige realskolar. 3-årig A-realskole Klasse I (7 timar om veka) I denne klassen les ein ei næringsbok som høver for elevar i 3-årige realskolar. Ein går fram etter ein plan som i hovudsak svarar til normalplanen for byfolkeskolen og planen for 2-årige realskolar, men såleis at om lag ¾ av skoleåret går med til næringsboka. Dernest les ein 20 sider av eit godkjent utval av lesestykke for realskolen. I siste ¼ av skoleåret tek ein til med lette attforteljingar som kan greiast på ein skoletime. Kl. II (6 timar om veka) I denne klassen les ein 70 sider av leseboka; dessutan ekstemporallesnad så mykje ein vinn. Skriftlege øvingar tek ein i fyrstninga av skoleåret om lag som i I. klasse i B-realskolen, i slutten av skoleåret som i II. klasse av B-realskolen. Ved årsprøva i II. klasse prøver ein dugleiken i tilsvarande pensum og på same måten som ved årsprøva i II. klasse av B-realskolen. Kl. III (5 timar om veka) I denne klassen gjeld same planen som for B-realskolen. Eksamenskrava er dei same som for B-realskolen. — 55 —
Skann 57 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 55». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/57/