SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 54 skann 56

eit godkjent utval av lesestykke for realskolen. Av desse 70 sidene skal 30 sider vere lesne slik at ein kan leggje dei opp til ei skoleprøve som kan svare til årsprøva i II. klasse av den 3-årige B-realskolen. På næmingssteget er det sers viktig å øve inn ein god uttale, ikkje berre av einskildlydar, men slik at rytme, samandragingar og setningsmelodi blir ekte. Gjennom samtale, klårlegging, lesing og memorering øver ein systematisk inn uttale, ordtilfang og grammatikk. Dessutan bør ein òg nytte film og fonogram. Frå fyrste stund tek ein i bruk moderne tekniske hjelperåder, og legg vinn på å føre elevane inn i engelsktalande miljø gjennom samtale, tekster, tonar og bilete. Skriftleg I fyrstninga nyttar ein jamt og samt skriftlege øvingar som er nøye knytte til den munnlege undervisninga. Avskrift (heime), diktat (fyrst etter serskilt førebudde tekster, seinare meir etter ukjende, vanleg lette tekster), grammatiske og stilistiske øvingar (øving i bruk av tal, tider og personar, aktiv og passiv, pronomen og substantiv, direkte og indirekte tale, forteljande, spørjande og nektande form osb.), setningsøvingar (å fylle ut «holute» setningar, å lage setningar om einskilde ord, å byte om ordlag, å svare på greie spørsmål eller å forme spørsmål til oppgjevne svar). Etter kvart går læraren over til å lese opp (ein eller to gonger som det måtte høve) tekster til attgjeving frå stoff som har vori gjennomgått tidlegare. Til å byrje med kan ei slik tekst vere serskilt førebudd; seinare må denne førebuinga falle bort, og teksta kan bli nytta i ei form som er meir eller mindre brigda frå den opphavleg kjende. Det er viktig at elevane så tidlig som råd er, lærer seg å gje att stoffet fritt. I siste halvåret nyttar ein 1 time om veka på skolen til å skrive attforteljingar, som på slutten av skoleåret skal vere om lag som attforteljingar i I. klasse av den 3-årige B-realskolen. Klasse II (6 timar om veka) I denne klassen les ein 100 sider av eit utval av lesestykke som er godkjent til bruk i avgangsklassen i realskolen. Av desse skal 60 sider vere eksamenspensum; dei andre 40 sidene kan eleven få tilleggsspørsmål i ved eksamen. Ekstemporallesnad og heimelesnad så mykje ein vinn. Ein går igjennom grammatikken. — 54 —
Skann 56 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 54». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/56/