SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 53 skann 55

samtale om det som er lesi. Det gjeld om å gje det vektige stoffet ei slik form at det blir lett å skjøne det og lett å samtale om det. Innfløkt ordlegging bør ein vare seg for; elevane som går i III. klasse, er knapt mogne for «litterær» stil. Med det faglege stoffet fylgjer det etter måten mange nye gloser, og elevane bør ikkje her ha nokon nemnande vanske med anna enn med glosene, elles får dei lite tak på innhaldet. Med det novellistiske stoffet som boka bør ha, skulle det vere greitt såleis. Dette stoffet bør vere skiftande, t. d. scenar frå skodespel, dialogar, brev, skildringar, anekdotar osb. Realskolen skulle meir enn den gamle mellomskolen vere ein skole for det praktiske livet. Leseboka bør difor ha med prøver på brevskriving av ymse slag, litt praktisk rettleiing om reiser, litt om forretningslivet, industrien osb. Noko skarpt skilje mellom det novellistiske og det saklege stoffet trengst ikkje; stykke med sakleg innhald kan svært godt ha ei forteljande form. Ein god biografi om ein forretningsmann, oppfinnar, oppdagar o. l. er framifrå stoff. Munnleg eksamen Ved den munnlege avgangsprøva i III. klasse skal eleven prøvast i eit eksamenspensum på om lag 50 sider som er lesi i denne klassen, på same måten som ved årsprøva i II. klasse. Dessutan kan han få tilleggsspørsmål frå 30 sider til, som han skal ha lesi og lagt fram melding om. Deretter skal han lese opp eit ukjent stykke engelsk prosa, språkleg om lag så vanskeleg som eksamenspensumet. Han skal ha høve til å velje anten omsetjing til norsk av det opplesne stykket eller samtale på engelsk om innhaldet. Den som vel omsetjing, skal òg kunne svare på einskilde spørsmål om innhaldet i stykket. Den som vel samtale, bør helst få ei lettskjønleg tekst med hending i. Det blir lagt stor vekt på ekstemporalen ved eksamen. 2-årig realskole Med to språk (7—6), med eitt språk (7—7) Målet for opplæringa er det same som for 3-årige realskolar. Metoden er òg i hovudsak den same, med dei tillempingar som ulikt elevmateriale og stuttare tid krev. Klasse I (7 timar om veka) I denne klassen les ein fyrste halvåret ei næmingsbok som høver for elevar i 2-årige realskolar. Dernest les ein om lag 70 sider av — 53 —
Skann 55 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 53». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/55/