SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 52 skann 54

Kl. II (4 timar om veka) I denne klassen les ein om lag 55 sider; dessutan ekstemporallesnad så mykje ein vinn. Ei attforteljing tek ein om lag annakvar veke. Arbeidet med å føre elevane inn i engelsktalande miljø gjennom engelsk i samtale, tekst, tonar og bilete, er viktig på alle læresteg. Eit slikt arbeid kunne alt frå II. klassen gje vilkår for skriftlege oppgåver i friare former attåt dei vanlege. Ved årsprøva i II. klassen prøver ein dugleiken til eksaminanden i å lese opp eit stykke av pensum; dernest prøver ein om han i ein samtale på engelsk kan gjere greie for innhaldet av det opplesne stykket; dessutan skal eksaminanden på engelsk kunne svare på spørsmål som gjeld samanhengen mellom det opplesne stykket og heile lesestykket, og som gjeld innhald og realia i lesestykket. Det er høve til å prøve eksaminanden i omsetjing av det opplesne stykket, dersom ein finn det turvande. Av dei 90 sidene som er lesne i I. og II. klasse, skal 40 sider leggjast opp til denne prøva. Når ein dømer om prestasjonen, skal ein leggje mykje vekt på god uttale. Klasse III (5 timar om veka) I denne klassen les ein 80 sider av eit utval av lesestykke som er godkjent til bruk i avgangsklassen i realskolen. Av desse skal 50 sider vere eksamenspensum; dei andre 30 sidene kan eleven ved eksamen få tilleggsspørsmål i. Ekstemporallesnad så mykje ein vinn. Skriftlige øvingar held ein fram med om lag som i II. klassen. Den skriftlege og den munnlege avgangsprøva blir halden ved utgangen av denne klassen. Lesebok for III. klasse Sidan III. klasse ofte får elevar frå ulike II. klassar, er det føremålstenleg at klassen får serskild lesebok. Elevane er no 16—17 år gamle. Dei er i ein alder då dei ser med kritiske augo på «barnsleg» stoff, og har ein trong til å lese noko som tek seg vaksi ut. Lesing av «vaksen» litteratur tek som kjent vanleg til hos 16-åringar. Dette må leseboka for II. realskoleklasse ta omsyn til; like eins må ein finne fram til tekster som attåt det aktive ordtilfanget (om lag 3000 ord), gjev elevane eit passivt ordtilfang som kan hjelpe dei på veg til å skjøne «vaksen» engelsk. På den andre sida må ikkje lesestykka vere så vanskelege at det trengst altfor mykje omsetjing, og at det blir for tungt å føre ein — 52 —
Skann 54 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 52». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/54/