SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 51 skann 53

Leseplan Ein les i alt om lag 170 sider av eit godkjent utval av hovudsakleg moderne engelske og amerikanske lesestykke. Av desse skal 90 sider vere eksamenspensum som høveleg kan bytast på desse gruppene: a) Om lag 10 sider poesi. b) Om lag 40 sider historisk og annan fagleg prosa. c) Om lag 40 sider novellistisk stoff. Dessutan skal ein lese minst 80 sider. Men sidan det er om å gjere å få lese så mykje engelsk som råd er, bør ein her helst velje noko lettare stoff, så ein kan gå snøggare fram, gje noko større lekser enn vanleg, og bruke mindre tid til å samtale om leksa på skolen. Ved den munnlege prøva kan eksaminator gje tilleggsspørsmål i det som er lesi såleis. 3-årig B-realskole Kl. I (4 timar om veka) Normalplanen for byfolkeskolen (1939) set som minstekrav eit aktivt ordtilfang på 1000 ord,¹ og dessutan eit større passivt ordtilfang. Som dei fleste realskoleklassane er samansette, kan det sumtid vere føremålstenleg til å byrje med å ta i bruk tekster («simplified») som i vanskegrad om lag svarar til det aktive ordtilfanget elevane skal ha nått i folkeskolen, så alle kan få kjenne at dei kan fylgje med, og få tillit til at dei kan finne ord for seg på engelsk. Det er frå fyrste stund turvande å leggje vinn på uttalen, slik at ikkje berre einskildlydane er i orden, men at rytme, samandragningar og setningsmelodi blir ekte. Hovudpunkta i grammatikken bør ein òg gå igjennom. I denne klassen les ein av det godkjende utvalget om lag 35 sider; dessutan ekstemporal-lesnad så mykje ein vinn. Skriftleg I fyrste halvåret tek ein stutte attforteljingar, som kan greiast på ein skoletime. Siste halvåret noko lengre attforteljingar, som regel annakvar veke. Dessutan jamt og samt slike skriftlege øvingar på skolen som måtte høve i samband med den munnlege opplæringa, både i I. og II. klasse. ¹ Normalplan for byfolkeskolen, 3. opplag 1957, set som minstekrav eit aktivt ordtilfang på 725 ord, som alle står i den fyrste ordlista. — 51 —
Skann 53 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 51». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/53/