SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 49 skann 51

Det er òg viktig i engelskopplæringa å ta meir i bruk moderne tekniske hjelperåder: radio, film, filmstrips, plansjar, kunstreproduksjonar, lysbilete og dessutan song og musikk; stutt sagt alle slike ting som kan gje skifte i arbeidet og gjere sitt til at det framande målet og dei framande landa og livet der blir meir levande for elevane. Eit serskilt engelsk-rom på skolen med lysbilet-, film- og filmstrips-apparat, radiogrammofon og arkiv som høyrer til, med blad, bøker og samlingar, t. d. myntar, frimerke og anna sermerkt, kunne hjelpe til å skape eit England og/eller Amerika i miniatyr. Bruk av grammatikk Det er ulike meiningar om verdet av serskild grammatikkundervisning, og om grammatikkundervisninga skal gå for seg på engelsk eller norsk. Ein skulle tru det var praktisk med ein grammatikk til oppslagsbok. Mange lærarar greier seg framifrå utan lærebok; dei får lært elevane den grammatikk som trengs i samband med lesestoffet, serleg når dei går igjennom skriftlege arbeid. Andre held på serskild grammatikkundervisning med stendige lekser. Her bør læraren få stå fritt. Skriftleg Målet for engelskopplæringa i realskolen krev at dei skriftlege øvingane går hand i hand med dei munnlege. Dersom ein gjer dei skriftlege øvingane til ein organisk lekk i dei munnlege, vil ein kunne minke talet på dei regulære skriftlege oppgåvene, og såleis spare inn tid som med større vinning kan brukast til lesing og samtale på det framande målet, iallfall i dei to øvste klassane av den 3-årige realskolen. I III. klasse, med 5 timar engelsk om veka, må ein ikkje bruke meir enn jamt over ein veketime til skriftleg øving og ein halv time til gjennomgåing. Ein må vere nøye med at ikkje meir tid blir brukt, anten ein no vil drive ein flink klasse fram til fine resultat eller ein vil berge ein dårleg klasse igjennom. I lengda fører ei steling av timar til skriftlege øvingar til at eksamenskrava kunstig blir drivne i veret, slik at jamvel engelsklærarar som er lojale mot timeplanen, blir tvinga med på leiken. Den skriftlege prøva ved realskoleeksamen i øvste klassen skal vere ei attforteljing på om lag 350 ord, noko vanskelegare enn oppgåvene til realskoleeksamen i åra 1941—49 og noko vaksnare i poeng og tone. Ved sida av attforteljing kan ein dessutan førebels, med medhald i § 8 i lov om høgre ålmenskolor, søkje om å få prøve andre 4 — U.planer — 49 —
Skann 51 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 49». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/51/