SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 48 skann 50

ikkje teksta byd på serlege vanskar, slik som t. d. dikt kan gjere. Men det kan ofte vere føremålstenleg å gå gjennom den nye leksa, iallfall delvis, helst med engelske ordforklåringar. Mange finn det visseleg pedagogisk verdfullt å gå igjennom uttalen av dei nye orda, t. d. slik at læraren les opp den nye leksa for elevane. Den gamle skikken med å ha to lekser til heimeførebuing, «dag-lekse» og «gamal lekse», bør ein kome bort ifrå, for slikt spiller tid i utrengsmål og spreier arbeidet til eleven. Skal eleven kunne setje seg inn i lekseemnet slik det trengst, bør han kunne konsentrere seg om eitt tekststykke. Men det er greitt at mange lærarar vil finne det naturleg når dei samtalar med klassen om stoffet, å gå noko attende i teksta. På det viset blir ord og ordlag oppfriska hos elevane. Den tida ein såleis vinn inn med å ta tekstene på «direkte» måte, bør ein bruke til meir ekstemporallesing. Evna til å kunne ta seg fram i ukjend tekst er ei viktig side ved moderne språkopplæring. Føremålet med ekstemporalen er at eleven skal greie å lese ukjend tekst og vise at han har forstått henne, iallfall i hovudsak. Ein kan kontrollere elevane på ymse måtar; heile teksta kan omsetjast, noko som kan vera forsvarleg med sume tekster. Eller læraren kan spørje elevane om ord og ordlag, eller elevane kan spørje læraren. Den siste måten skulle teoretisk vere ideell, når lærar og elevar har tillit til kvarandre og emnet interesserer klassen sterkt. Ekstemporalstoff bør såleis helst vere lett og spanande. Til ekstemporal kan ein t. d. setje av minst ein time annakvar veke, og då helst lese så lette og stutte tekster at ein kan kome igjennom eitt stykke på ein time. Eller ein kan bruke dei minuttane ein får til overs i dei vanlege timane, til å ekstemporere vidare i den pensumtekst ein held på med. Er det eksamensstoff ein driv på med, kan ein ta det ekstemporerte med i neste leksa, som då blir tilsvarande lengre. Det kan òg vere nyttig av og til å gje skriftlege ekstemporal-prøver, altså omsetjing til norsk av eit stykke ukjend tekst. Til å kontrollere elevstandpunkt er slike prøver framifrå. «Still lesing» er òg ein måte som ofte er svært føremålstenleg. Sidan det er om å gjere at elevane får lese så mykje engelsk som råd er, må ein stimulere dei til friviljug heimelesing. Ein bør ikkje krevje noko grundig arbeid med tekstene. Eleven skal i hovudsak ha forstått dei. Læraren kan gjere avtale med einskild-elevar, som friviljug les ei bok heime og seinare refererer innhaldet i klassen. Eit naudsynt vilkår for vellukka heimelesing er at stoffet er lett. Tilmåta utgåver av spanande og morosame bøker må brukast i dei fleste høve. Kvar skole bør ha eller ha lett tilgjenge til ei rikeleg samling av slik engelsk lesnad. 48
Skann 50 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 48». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/50/