SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 47 skann 49

ENGELSK Realskolen Målet for opplæringa i engelsk i realskolen er: a) Dugleik i å forstå engelsk, både ei grei tekst og vanleg talemål. b) Tame i å bruke engelsk, både munnleg og skriftleg; grei ordleiing, god uttale og god målbruk. c) Noko kjennskap til natur, arbeidsliv og samfunnsliv i Storbritannia, og dessutan litt kjennskap til Amerika. Ein bør ha for auga same mål for opplæringa gjennom heile realskolen. Både i dei munnlege og skriftlege språkøvingane må ein leggje vinn på at elevane når fram til mest mogleg fritt herredøme over stoffet. Men då må tekstene høve for læresteget. Dei må vere lette nok, så ein for det meste kan sleppe omsetjing; dei må såleis ikkje ha for stor glosetyngd eller innfløkt setningsbygnad, og stoffet må fange hugen til elevane. Samstundes skal vanskegraden i tekstene stige, slik at opplæringa i gymnaset kan byggje på II. klasse i realskolen. I III. klasse av den 3-årige realskolen vil det høve med serskild lesebok. Metode Dei fleste engelsklærarar i den høgre skolen no har fått rettleiing i moderne språkmetodikk og «direkte metode», så det skulle vere vilkår for å gje dei frie hender til å praktisere moderne språkundervisning som dei måtte bli samrådde om å gjere det på kvar skole og som det best måtte høve for kvar lærar. Dessutan skulle målsetjing og eksamenskrav i engelsk i den høgre skolen i seg sjølv stengje for ein reaksjon bortimot den gamle omsetjingsmetoden. Nokre praktiske råd kunne likevel ha krav på rom i denne samanhengen. Målet for engelskopplæringa i realskolen krev at både lærar og elev mest mogleg aktivt brukar engelsk i timen. Det skulle vere heller sjølvsagt at all samtale om stoff i leseboka går for seg på engelsk. Det same bør òg gjelde samtalar om frie emne, noko læraren, sumtid kanskje òg kollegaer som hjelpest åt i klassen, alltid bør prøve å få til. Omsetjing av samanhengande, vanleg tekst skulle i regelen ikkje trengast. Det er greitt at det likevel kan bli spørsmål om omsetjing når stoffet er i tyngste laget; men læraren bør i regelen ikkje nytte omsetjing til anna enn kontroll eller til forklåring på einskilde ord og ordlag dersom det er turvande. Førehandsgjennomgåing av tekst bør ein vere varsam med, når — 47 —
Skann 49 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 47». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/49/