SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 46 skann 48

Klasse II Det blir lesi om lag 150 sider av godkjende lærebøker for realskole og gymnas, av dei 60 sider statarisk. Del vanskelegaste stykka av det statariske pensumet blir repeterte. Ekstemporallesnad så mykje ein får tid til. Ei grammatisk lærebok vert lesen og dei viktigaste bolkane repeterte. Til skriftlege øvingar brukar ein føre jul omsetjingar frå norsk til tysk. Dessutan bør ein i denne klassen, og seinare med, støtt driva med skriftlege øvingar på skolen i samband med tekstlesnaden. Etter jul byrjar ein med små attforteljingar, fyrstundes 1 time, seinare 2 samanhangande timar. Ein kan òg av og til prøva andre former for skriftlege arbeid, både på skolen og heime, t. d. utfylling av oppgjevne uheile tekster; brevskriving; skildring av turar, festar, ferie, fødselsdag; omskriving av poesi til prosa; referatstil. Slike frie øvingar kan òg brukast på dei seinare stega i opplæringa. Klassen skal ikkje kombinerast med andre liner i tysk. Klasse III Ein les om lag 110 sider av det statariske pensumet og 110 sider kursorisk lesnad. Ekstemporallesnad så mykje ein får tid til. Skriftlege øvingar: Fyrstundes attforteljing på skolen kvar 14. dag, av og til lettare oppgåver med emne frå det statariske pensum til å førebu overgangen til øvingar i det tyngre eksamensstoffet. Eit stykke ut i hausthalvåret går ein over til å gje oppgåver frå det skriftlege pensumet kvar 14. dag. For dei som vel attforteljing + omsetjing: ei skriftleg øving kvar 14. dag. Klasse IV Det vert lesi 70 sider av det statariske pensumet, av dei 50 sider dramatisk stoff. Elevane skal få turvande opplysningar om tyske samfunnstilhøve. Dessutan les ein om lag 130 sider kursorisk; ekstemporallesnad så mykje ein får tid til. Det meste av den kursoriske lesnaden bør vera novellistisk stoff frå det 19. og 20. hundreåret. Noko av dette pensumet kan vera av blanda innhald (essays, biografiar, reiseskildringar osb.). Den kursoriske lesnaden må ein helst greia på den måten at elevane til ein skoletime får nokre sider til heimeførebuing, så vert ein del av timen nytta til å kontrollera lesnaden. Hovudbolkar av grammatikken vert repeterte. Repetisjon av det statariske pensumet. Skriftlege øvingar på skolen kvar 14. dag. — 46 —
Skann 48 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 46». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/48/