SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 45 skann 47

pensum, blir det lagt opp eit munnleg pensum på 60 sider, av dette 30 sider valfritt. Det valfrie pensumet bør vera frå nyare tid. Det statariske pensumet må vera ihopsett av vektige og litterært verdfulle stykke frå tysk historie, dikting og samfunnsliv. I historiepensumet skal hovudvekta leggjast på det 19. og 20. hundreåret. I 1. klassen og største delen av 2. klassen brukar ein dei same lærebøkene som i realskolen. Det statariske artiumspensumet må vera godkjent av Overstyret. Til så lenge brukar ein det pensumet som er sett opp i rundskriv frå Kyrkje- og Undervisningsdepartementet (nr. 26, 1933). Elevane skal ha nokon kjennskap til dei forfattarane som dei legg opp pensum av. Elevane skal òg ha ein viss kjennskap til tyske samfunnstilhøve. Ein kan her anten stø seg til ei stutt prenta framstelling eller lata elevane få turvande opplysningar på annan måte. Eksamen Til den skriftlege eksamen ved utgangen av siste klassen skal eksaminanden gje ei utgreiing på god og naturleg tysk om eit emne frå det skriftlege pensumet. I staden for ei slik utgreiing kan dei kandidatar som har førebutt seg til ei slik prøve, skriva ei attforteljing + ei stutt omsetjing, begge to til saman på 5 timar, om lag så vanskeleg som ei tysk attforteljing for den gamle engelsklina. Ved den munnlege artiumsprøva skal kandidaten lesa opp og setja om til grei og naturleg norsk eit stykke av det statariske pensumet, og i ei samtale på tysk gjera greie for innhald og samanheng. Saman med dette skal han på tysk kunna gje opplysningar om forfattaren av stykket og saklege og språklege utgreiingar såleis og så fullstendig som ein kan krevja etter den opplæringa han har fått. Deretter skal han lesa opp og setja om eit stykke av ei ukjend, ikkje for lett tekst, om lag ⅗ oktavside. I staden for omsetjing kan kandidaten, om det alternativet er valt, i ei samtale på tysk «med lukka bok» svara på spørsmål om innhaldet av det opplesne stykket. Før han les opp, må han då få høve til å sjå gjennom stykket. Leseplan Klasse I Som på dei andre linene. — 45 —
Skann 47 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 45». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/47/