SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 33 skann 35

Pensum Det skal leggjast opp til avgangseksamen eit statarisk pensum på 150 sider, av dei skal 15—20 sider vera poesi (Eddadikt og skaldedikt), 55—60 sider kongesoger (av dei om lag 40 sider or Heimskringla), 35 sider av islandske ættesoger, 20 sider av Snorre-Edda, 20 sider av Kongespegelen. Dessutan vert det lagt opp eit kursorisk pensum på 80 sider av historisk og blanda innhald (Heimskringla, Kongespegelen, utdrag av lover, brev, omsetjingslitteratur, religiøs og mytologisk litteratur). Noko av det kursoriske pensumet kan vera i unormalisert form, så elevane kan læra å kjenna viktige dialektskilnader i det gamle målet. Sume av dei vanskelegare stykka i næmingsboka kan reknast med i det kursoriske pensumet: 20—30 sider av dette pensumet kan takast frå færøyisk eller nyislandsk litteratur. Opplæringa Til hjelp ved litteraturlesnaden bør ein ha ei lærebok i norrøn litteraturhistorie (80—100 sider), som blir gjennomgått i samband med tekstlesnaden og lesen i samanheng i siste klassen. Dessutan må ein nytta ei stutt lærebok i gamalnorsk grammatikk (60—70 sider). Boka bør gje eit stutt utsyn over lydlære, formlære og setningslære, såleis at elevane kan få stø kjennskap til dei former som blir bruka i vanleg prosa. Boka bør òg ha eit stutt oversyn over ordavleiing og ordsamansetning. Ved tekstgjennomgåinga bør ein halda fram likskap og ulikskap med nynorske målføre både når det gjeld grammatikk og ordtilfang. Elevane bør, så mykje som råd er, sjølve freista å finna fram til denne samanhengen mellom gamalt og nytt mål. Når ein går gjennom det mytologiske lesestoffet, må ein gje elevane nøgnare opplysningar om dei mytologiske skapnader og førestellingar ein møter i tekstene, og sjå dei i samanheng med det gamle mytologiske systemet. Når tekstene byr høve til det, må ein gjera elevane kjende med kultminne som løyner seg i mange av våre stadnamn og i vår folketradisjon. I samband med lesnaden av sogepensumet, Kongespegelen og anna lesestoff, bør ein gje elevane nøgnare opplysningar om gamalnorsk stats- og privatliv når tekstene byr høve til det. Best var det om ein her hadde ei stutt skriftleg framstelling å stø seg til. Eksamen Ved slutten av det siste skuleåret vert det haldi skriftleg artiumsprøve i gamalnorsk. Til denne prøva skal kandidaten kunna gje ei rett omsetjing til grei og naturleg norsk av ei ukjend 3 — U.planer — 33 —
Skann 35 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 9

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 33». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/35/