SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 32 skann 34

litteraturhistorie, men for det fyrste berre som handbok og oppslagsbok til dei verk ein les. Alt frå fyrst av i denne klassen må ein ha lagt ein fast plan for litteraturstudiet heilt fram til examen artium. Når det gjeld stilskriving, går ein i hovudmålet etter kvart over til resonnerande stilar, 8—9 i året og av dei 3—4 på skolen (4 timar kvar gong). I sidemålet kan det kanskje vera tenleg av og til med same slag øvingar som i 1. klasse, men etter kvart må ein gå over til stilar her òg, t. d. stilar i skoleåret. Klasse III og IV I desse klassane fell leseplanen med den valfridom ein no har, så nær leseplanen for 5-årig gymnas at ein kan fylgja denne heilt ut. Serpensum i norsk (folkeminnelesnad) på norrønlina Det blir gjennomgått eit utval av norsk folkedikting og annan folkeminnetradisjon, skriven på bygdemål. Føremålet med denne lesnaden er å gjera elevane meir kjende med norsk folkedikting, gamal folketru, bygdeliv i eldre tid, og med sume av dei sermerkte bygdemåla, og såleis læra dei å sjå samanhengen med den gamle kulturen og det gamle målet. Klasse III (1 time) Ein byrjar med prosastoffet, og les så langt ein rekk. Av dette skal 50 sider vera pensum. Høveleg lesnad til innføring i folkeminnekunnskap er: R. Christiansen: Norske folkeminne, ymse utgreiingar av Moltke Moe, t. d. Det mytiske tenkesett. Høveleg pensumlesnad er: Eit utval av J. Skar: Gamalt or Sætesdal, eit utval av Ivar Kleiven: I gamle dågå. Klasse IV (1 time) Ein les her eit utval av folkeviser. Omfråm eit pensum på 30 sider les ein så mykje ein vinn på. Repetisjon av heile pensumet (80 sider). Til orientering i folkediktinga bør ein lesa K. Liestøl: Norsk folkedikting. Gamalnorsk på norrønlina Føremålet med lesnaden av gamalnorsk på norrønlina er å gje elevane nokolunde allsidig kjennskap til norrøn bokheim og tolleg stø kunnskap i det gamalnorske målet. Gjennom denne lesnaden skal dei læra å kjenna viktige sider ved gamalnorsk kulturliv og samfunnsliv og læra å sjå den kulturelle samanhengen mellom notid og fortid i landet vårt. — 32 —
Skann 34 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 32». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/34/