SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 76 skann 78

— 76 — Til serarbeid nyttar ein 10—20 timar. Ved avgangseksamen tek ein prøve i pensumet for siste klassen (historie og samfunnslære II) på same måten som i 5-årsgymnaset. Serarbeid ved examen artium som i 5-årsgymnaset. Sertimar i historie på norrønlina. (2 veketimar i klasse III og 1 veketime i klasse IV). Føremålet med sertimane i historie på norrønlina er å auke kjennskapen til fedrelandshistoria, både i gamal og ny tid. I større mon enn på dei andre linene vil ein her kunne få tid til å klårgjere det nasjonale grunnlaget for utviklinga i landet, og samstundes påvise korleis innverknaden utanfrå har gjort seg gjeldande i kulturframvoksteren her heime. Når det gjeld val av emne som skal lesast, må læraren stå heller fritt, men han lyt kvar gong setje opp ein fast plan for heile kurset. Mellom høvelege emne kan ein nemne: emne frå arkeologisk gransking og stadnamngransking, seremne frå kultur-, kunst- og samfunnsliv både i mellomalderen og i nyare tid, bygdesoge, kulturhistoriske monografiar og biografiar av framståande menn i Noregs historie, omlagingar i samfunns- og næringsliv. Arbeidet i desse sertimane ligg serskilt vel til rette for arbeidsskolemåten, og det må vere ein vanleg framgangsmåte at elevane arbeider med emna ut frå tilgjengelege kjelder etter rettleiing frå læraren. Serskild lærebok blir ikkje nytta; elevane brukar arbeids- og notatbøker. Når læraren finn det lagleg, kan han bruke eit høveleg, ikkje for stort historieverktil grunnlag for gjennomgåinga i timane. Til avgangsprøva skal elevane på denne lina syne at dei har vunni grundigare kjennskap til kulturframvoksteren i Noreg i gamal og ny tid, i tillegg til det andre historiepensumet. Ved meldinga til examen artium skal eksaminandene på denne lina gje opp dei emne dei har arbeidt med i sertimane, og dei verk som har vori lagde til grunn for arbeidet. Geografi. Den 3-årige realskole. En må gå ut fra at elevene ved opptakingen i den høgre skolen har et elementært kjennskap til de geografiske grunnbegreper og kjenner hovedtrekkene i de geografiske forhold på jorden, at de har oversikt over de fremmede verdensdeler og kjennskap til de viktigste land i Europa, og at de har et nærmere kjennskap til fedrelandet og spesielt til den hjemlige trakt.
Skann 78 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 76». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/78/