SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 75 skann 77

— 75 — føresetnaden for ei nøktern drøfting er faktisk kunnskap om emnet. Ein vil òg peike på at det er ikkje nok berre å drøfte stoffet, spørje eller svare elevane. Det vil alltid vere dei som ikkje er med i drøftingane og sjeldan eller aldri spør om noko. Gjennom eksaminasjon, munnleg og skriftleg, bør ein syte for at alle elevar får klårleggje tankar og omgrep. Med å krevje at elevane gjev ei samanhangande munnleg framstelling, kan ein lære dei til å ordleggje seg presist, samstundes som ein kan få kontrollert om dei har kunnskapar og den rette forståing av det dei har lesi. Til serarbeid nyttar ein i avgangsklassen 10—20 timar. I alle klassar bør ein ta repetisjon i hovudbolkar av pensum. Ved eksamen i klasse V prøver ein eksaminanden i det han har lesi i avgangsklassen, og i alle høve i verdshistorie, nordisk historie og samfunnslære. Serarbeid ved examen artium. Ved meldinga til examen artium i historie og samfunnslære II skal ein gje opp kva slag arbeid eksaminandane har drivi med i dei timane som er sette til serarbeid i avgangsklassen. Eksaminandane skal ha høve til å leggje fram serarbeid til begge prøvene i historie og samfunnslære (I og II). 4-årig landsgymnas. Når det gjeld ålmenne rettleiingar, viser ein til planen for 5-årsgymnaset. Klasse I (2 veketimar). Ein les verdshistoria til 1815 (grunnboka). Klasse II (2 veketimar). Ein les nordisk historie til og med året 1814 i gymnaslæreboka. Av samfunnslæra bør ein lese bolkar som høver saman med Noregs-soga. Klasse III (4 veketimar.) Ein les anten dei 7 obligatoriske epokane på same måten som etter alternativ A for 5-årsgymnaset, eller ein tek dei 4 obligatoriske epokane og den fritt valde lesnaden etter alternativ B i 5-årsgymnaset. Til serarbeid kan ein i klasse II—III nytte om lag 10 timar. Eksamenspensum i klasse III (historie og samfunnslære I) er nordisk historie til og med 1814 og anten (A) dei 7 obligatoriske epokane eller (B) dei 4 obligatoriske epokane og den fritt valde lesnaden. I samband med epokelesnaden må eksaminanden kunne gjere greie for viktige historiske data fram til 1815. Klasse IV (4 veketimar). Ein les verdshistoria, nordisk historie og samfunnslæra i lærebøkene for gymnaset.
Skann 77 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 75». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/77/