SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 74 skann 76

— 74 — Leseplan. 5-årig gymnas. I klasse I og II les ein etter planen for dei tilsvarande klassane i realskolen og tek eit grunnkurs i verdshistoria fram til 1870. Ved eksamen i klasse II prøver ein i det som er lesi i dei to fyrste klassane. I klasse III les ein fyrst resten av verdshistoria — tidbolken frå om lag 1870 til våre dagar — etter ei av dei lærebøkene som har vori nytta i klasse I og II. Sidan ein tek denne tidbolken grundigare i klasse V, må ein i klasse III kunne ta førebels-orienteringa i emnet på om lag 15 timar. Deretter les ein av samfunnslæra kapitla om riksskipnad og styringsverk, finanslære, næringslovgjeving og sosiallovgjeving. Ein nyttar til dette om lag 12 timar. Ein les så i læreboka i nordisk historie tidbolken fram til 1537 eller til 1660. I klasse IV held ein fram med nordisk historie til og med året 1814. Deretter les ein: A. Anten desse 5 epokane: 1) Aten i stordomstida, 2) Roma i keisartida, 3) Lenssamfunn og kyrkje ikring 1200, 4) Bysamfunn og borgarkultur i mellomalderen, 5) Sjøhandel og kolonipolitikk på 1700-talet. Ein nyttar grunnboka til handbok i samband med lesnaden. Grunnboka skal hjelpe elevane til å knyte epokane saman, til å setje dei i rett historisk samanheng og til å skape rett historisk perspektiv. B. Eller desse 4 epokane: 1) Arven frå antikken, 2) Mellomalderkulturen, 3) Renessanse og reformasjon, 4) Den franske revolusjonen og Napoleon, med dei oversyn som knyter denne lesnaden saman. Til serarbeid kan ein i klasse III og IV nytte om lag 10 timar. Ved eksamen i klasse IV prøver ein eksaminanden i norsk historie og i hovuddrag av grannelandshistoria til og med året 1814, og i dei 5 eller 4 epokane som er nemnde etter alternativ A og B i planen for klasse IV. (Verdshistoria etter 1870 og samfunnslæra er ikkje eksamenspensum i denne klassen.) I samband med epokelesnaden må eksaminanden kunne gjere greie for viktige historiske data fram til 1815. I klasse V les ein fyrst anten (etter alternativ A) epokane (1) Den industrielle revolusjonen og (2) Andslivet på 1700-talet, eller (etter alternativ B) fritt vald lesnad. Dessutan les ein læreboka i samfunnslære, læreboka i verdshistorie frå 1815 til vår eiga tid og læreboka i nordisk historie frå 1815 til våre dagar. Når det gjeld pensumgjennomgåinga i historie og samfunnslære i gymnaset, vil ein streke under: Det er uråd å få tid til å ta heile pensumet med arbeidsoppgåver etter aktivitetsprinsippet, så læraren må etter personleg skjøn avgjere kva for emne han med størst vinning kan ta på arbeidsskolemåten. I samfunnslære bør likevel aktivitetsundervisning med drøfting og aktualisering bli den vanlege framgangsmåten. I den samanhengen vil ein minne om at
Skann 76 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 74». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/76/