SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 71 skann 73

— 71 — med institusjonar og interesserte personar skulle, når ein attåt har pedagogiske hjelperåder, by på rikelege vilkår for serarbeid i historie og samfunnslære. Om emnevalet kan ein elles seie reint ålment: Dersom ikkje andre omsyn krev det, bør ein helst av omsyn til samanhengen i undervisninga ta serarbeid som høver til det pensum elevane arbeider med på kvart steg. Dersom emnet er slik at ein kan dra rikshistoriske eller ålmennhistoriske slutningar av det, bør ein ta seroppgåva før læreboksgjennomgåinga. Dersom eleven skal lære å sjå og lite på seg sjølv når han skal prøve å dra slutningar, bør ein helst ikkje fyrst og fremst byggje serarbeida på historisk litteratur, men på høvelege historiske kjelder. Dersom ein brukar historisk litteratur, bør ein freiste å få eleven til å nytte fleire verk og samanlikne. Ein bør leggje vinn på å avgrense og konkretisere oppgåva, og syte for at kvar elev får prøve seg med i alle fall eitt serarbeid i samband med historie og samfunnslære I og minst eitt i samband med historie og samfunnslære II. Arbeidsplan. Klasse III og IV. Hovudsaka på dette steget må vere at eleven lærer å sjå og å gjere greie for emnet. Emne som bør kome på tale, er arkeologi, sogelitteratur, lokalhistorie, kommunestyring og emne i samband med verdshistoria. Arkeologiske og lokalhistoriske oppgåver bør ein gje slik at eleven kan byggje på fortidsminnesmerke i muséum og ute i marka, på bilet-tilfang, historiske dokument og lokal tradisjon av ymse slag, og slik at han òg kan kome inn på t. d. samanhengen mellom historie og geografiske vilkår eller mellom lokalhistorie og rikshistorie. Om skole og muséum, sjå »Den høgre skolen« 1949, s. 348 fg. og s. 374 fg. Når det gjeld sogelitteraturen, er det naturleg å samarbeide med norsklæraren om oppgåver. Når det gjeld samfunnslæra, byd det kommunale livet på ei mengd med konkrete oppgåver. Heile kommunestyringa kan ein ta induktivt med seroppgåver. Døme: Oversyn over kommunale tiltak på grunnlag av kommunebudsjettet; å fylgje ei kommunal sak frå opptak til vedtak og iverksetjing; intervju med kommunale autoritetar om aktuelle kommunale oppgåver; kommunale spørsmål i fortid og notid, t. d. på grunnlag av budsjett og møte-protokollar. Alt dette kan høve som gruppearbeid. Når det gjeld verdshistoria, er kunsten sers høveleg arbeidstilfang. Av den kunstreproduksjon-samlinga som skolen har eller rår over i samarbeid med t. d. folkebiblioteket, kan ein hengje opp i arbeidsromet reproduksjonar som viser ei vokssterline gjennom antikk, mellomalder, renessanse, barokk og rokokko, klassisme og romantikk, og få små elev-
Skann 73 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 71». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/73/