SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 70 skann 72

— 70 — næringsvegar, stilslag osb., og kunstreproduksjonar; lysbilete, filmar og filmstrips; vanlege oppslagsbøker, leksika, oversynsverk; statistiske publikasjonar, t.d. klassesett av Norsk statistisk årbok; statsbudsjett, nasjonalbudsjett, stortingsmeldingar, kommunalbudsjett; tidsskrift, t. d. Norsk historisk tidsskrift, Samtiden, Internasjonal politikk, Tidens ekko, meldingar frå Dei sameinte nasjonane o. l.; historiske dokument og tekster; lokalhistorisk arkiv bygt på samling av avisklipp o. l. Serarbeid i historie og samfunnslære. Ved sida av å gje orientering skal undervisninga i historie og samfunnslære auke arbeidsdugleiken til elevane. Det kan ein gjere ikkje berre med å øve dei opp til rasjonell arbeidsmåte når dei har for seg lærebøker og annan lesnad, men òg med å la dei få prøve små etterrøkingar og serarbeid på eiga hand. Slike serarbeid skal dessutan gje elevane ein tokke av det mangfelte livet som ligg attom den meir eller mindre einfelte framstellinga i historiebøkene, og gje dei høve til å lære kva slag kjeldetilfang historieskrivaren må byggje på, til å bruke evna til å sjå, samanlikne og dra slutningar. Emne. Tilhøva ved skolane kringom i landet er ulike, og ymse emne kan kome på tale til serarbeid. Ein får i kvart høve velje slike arbeid som vilkåra ligg til rette for. Plankomitéen, innst. II, s. 55, har peika på at lokalhistoriske emne høver framifrå til serarbeid. Med tanke på slike arbeid bør difor kvar skole kartleggje sitt omland og leggje ekskursjonsplanar som kan gje tildriv til vidare arbeid med emne som arkeologi, busetjing, stadnamn, gamal og ny bondekultur (byggjemåte, reiskapsbruk, driftsmåte, sæterbruk, bondekunst, fiske, fangst, båtbruk, handel, samferdsle, skogbruk, gruvedrift, gamal og ny bykultur (handverk, kjøpmannskap, verksdrift, lagsliv, byinstitusjonar, byborgarar). Andre høvelege emne er »lengdesnitt« gjennom historia, dagsaktuelt i historisk lys, konfrontasjon med historia gjennom tekster, biografiske emne og emne frå folkeminne, kunst, litteratur, musikk; dessutan emne frå økonomi og politikk. Eit samarbeid mellom lærarane ved kvar skole i norsk, geografi, kristendomskunnskap, framandspråk, serleg i engelsk på engelsklina, og i andre fag kan gje eit skiftande utval av emne til serarbeid som kunne kome inn under faget historie og samfunnslære. Eit slikt samarbeid mellom lærarane skulle dessutan vere ei trygd mot ei for sterk utnytting av arbeidskrafta til elevane. Eit samarbeid innanfor kollegiet på skolen og med kollegaer på andre skolar i landsluten, med bibliotek og muséum,
Skann 72 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 70». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/72/