SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 48 skann 50

Etter kvart går læraren over til å lese opp (ein eller to gonger som det måtte høve) tekster til attgjeving frå stoff som har vori gjennomgått tidlegare. Til å byrje med kan ei slik tekst vere serskilt førebudd; seinare må denne førebuinga falle bort, og teksta kan bli nytta i ei form som er meir eller mindre brigda frå den opphavleg kjende. Det er viktig at elevane så tidleg som råd er, lærer seg til å gje att stoffet fritt. I siste halvåret nyttar ein 1 time om veka på skolen til å skrive attforteljingar, som på slutten av skoleåret skal vere om lag som attforteljingar i I. klasse av den 3-årige B-realskolen. Kl. II (6 timar om veka). I denne klassen les ein 100 sider av eit utval av lesestykke som er godkjent til bruk i avgangsklassen i realskolen. Av desse skal 60 sider vere eksamenspensum; dei andre 40 sidene kan eleven få tilleggsspørsmål i ved eksamen. Ekstemporallesnad og heimelesnad så mykje ein vinn. Ein går igjennom grammatikken. Skriftlege øvingar held ein fram med på skolen, fyrst 1 time om veka, sidan 2 timar. Læraren kan, som i B-realskolen, av og til gje elevane skriftlege arbeid i friare former ved sida av dei vanlege attforteljingane, anten på skolen eller heime. Læreboksverk. Elevane ved 2-årige realskolar skil seg i evner og arbeidsdugleik ut frå vanlege elevar i den 3-årige realskolen. Dette kunne gjere det føremålstenleg med serskilt læreboksverk som tok omsyn til 2-årsprogresjonen i undervisninga. Munnleg eksamen. Ved den munnlege avgangsprøva skal eleven prøvast i det pensum som er lesi i avgangsklassen. Framgangsmåten ved denne prøva er den same som ved 3-årige realskolar. 3-årig A-realskole. Kl. I (7 timar om veka). I denne klassen les ein ei næmingsbok som høver for elevar i 3-årige realskolar. Ein går fram etter ein plan som i hovudsak svarar til normalplanen for byfolkeskolen og planen for 2-årige realskolar, men såleis at om lag ¾ av skoleåret går med til næmingsboka. Dernest les ein 20 sider av eit godkjent utval av lesestykke for realskolen. I siste ¼ av skoleåret tek ein til med lette attforteljingar som kan greiast på ein skoletime.
Skann 50 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 48». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/50/