SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 47 skann 49

— 47 — Munnleg eksamen. Ved den munnlege avgangsprøva i III. klasse skal eleven prøvast i eit eksamenspensum på om lag 50 sider som er lesi i denne klassen, på same måten som ved årsprøva i II. klasse. Dessutan kan han få tilleggsspørsmål frå 30 sider til, som han skal ha lesi og lagt fram melding om. Deretter skal han lese opp eit ukjent stykke engelsk prosa, språkleg om lag så vanskeleg som eksamenspensumet. Han skal ha høve til å velje anten omsetjing til norsk av det opplesne stykket eller samtale på engelsk om innhaldet. Den som vel omsetjing, skal og kunne svare på einskilde spørsmål om innhaldet i stykket. Den som vel samtale, bør helst få ei lettskjønleg tekst med hending i. Det blir lagt stor vekt på ekstempo ralen ved eksamen. 2-årig realskole. Med to språk (7—6), med eitt språk (7—7). Målet for opplæringa er det same som for 3-årige realskolar. Metoden er og i hovudsak den same, med dei tillempingar som ulikt elevmateriale og stuttare tid krev. Kl. I (7 timar om veka). I denne klassen les ein fyrste halvåret ei næmingsbok som høver for elevar i 2-årige realskolar. Dernest les ein om lag 70 sider av eit godkjent utval av lesestykke for realskolen. Av desse 70 sidene skal 30 sider vere lesne slik at ein kan leggje dei opp til ei skoleprøve som kan svare til årsprøva i II. klasse av den 3-årige B-realskolen. På næmingssteget er det sers viktig å øve inn ein god uttale, ikkje berre av einskildlydar, men slik at rytme, samandragingar og setningsmelodi blir ekte. Gjennom samtale, klårlegging, lesing og memorering over ein systematisk inn uttale, ordtilfang og grammatikk. Dessutan bør ein og nytte film og fonogram. Frå fyrste stund tek ein i bruk moderne tekniske hjelperåder, og legg vinn på å føre elevane inn i engelsktalande miljo gjennom samtale, tekster, tonar og bilete. Skriftleg. I fyrstninga nyttar ein jamt og samt skriftlege øvingar som er nøye knytte til den munnlege undervisninga. Avskrift (heime), diktat (fyrst etter serskilt førebudde tekster, seinare meir etter ukjende, vanleg lette tekster), grammatiske og stilistiske øvingar (øving i bruk av tal, tider og personar, aktiv og passiv, pronomen og substantiv, direkte og indirekte tale, forteljande, spørjande og nektande form osb.), setningsøvingar (å fylle ut «holute» setningar, å lage setningar om einskilde ord, å byte om ordlag, å svare på greie spørsmål eller å forme spørsmål til oppgjevne svar).
Skann 49 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 47». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/49/