SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 46 skann 48

— 46 — nanden i omsetjing av det opplesne stykket, dersom ein finn det turvande. Av dei 90 sidene som er lesne i I. og II. klasse, skal 40 sider leggjast opp til denne prøva. Når ein dømer om prestasjonen, skal ein leggje mykje vekt på god uttale. Klasse III (5 timar om veka). I denne klassen les ein 80 sider av eit utval av lesestykke som er godkjent til bruk i avgangsklassen i realskolen. Av desse skal 50 sider vere eksamenspensum; dei andre 30 sidene kan eleven ved eksamen få tilleggsspørsmål i. Ekstemporallesnad så mykje ein vinn. Skriftlege øvingar held ein fram med om lag som i II. klassen. Den skriftlege og den munnlege avgangsprøva blir halden ved utgangen av denne klassen. Lesebok for III. klasse. Sidan III. klasse ofte får elevar frå ulike II. klassar, er det føremålstenleg at klassen får serskild lesebok. Elevane er no 16—17 år gamle. Dei er i ein alder då dei ser med kritiske augo på »barnsleg« stoff, og har ein trong til å lese noko som tek seg vaksi ut. Lesing av »vaksen« litteratur tek som kjent vanleg til hos 16-åringar. Dette må leseboka for III. realskoleklasse ta omsyn til; like eins må ein finne fram til tekster som attåt det aktive ordtilfanget (om lag 3000 ord), gjev elevane eit passivt ordtilfang som kan hjelpe dei på veg til å skjøne »vaksen« engelsk. På den andre sida må ikkje lesestykka vere så vanskelege at det trengst altfor mykje omsetjing, og at det blir for tungt å føre ein samtale om det som er lesi. Det gjeld om å gje det vektige stoffet ei slik form at det blir lett å skjøne det og lett å samtale om det. Innfløkt ordlegging bør ein vare seg for; elevane som går i III. klasse, er knapt mogne for »litterær« stil. Med det faglege stoffet fylgjer det etter måten mange nye gloser, og elevane bør ikkje her ha nokon nemnande vanske med anna enn med glosene, elles får dei lite tak på innhaldet. Med det novellistiske stoffet som boka bør ha, skulle det vere greitt såleis. Dette stoffet bør vere skiftande, t. d. scenar frå skodespel, dialogar, brev, skildringar, anekdotar osb. Realskolen skulle meir enn den gamle mellomskolen vere ein skole for det praktiske livet. Leseboka bør difor ha med prøver på brevskriving av ymse slag, litt praktisk rettleiing om reiser, litt om forretningslivet, industrien osb. Noko skarpt skilje mellom det novellistiske og det saklege stoffet trengst ikkje; stykke med sakleg innhald kan svært godt ha ei forteljande form. Ein god biografi om ein forretningsmann, oppfinnar, oppdagar o. l. er framifrå stoff.
Skann 48 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 46». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/48/