SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 45 skann 47

— 45 — Dessutan skal ein lese minst 80 sider. Men sidan det er om å gjere å få lese så mykje engelsk som råd er, bør ein her helst velje noko lettare stoff, så ein kan gå snøggare fram, gje noko større lekser enn vanleg, og bruke mindre tid til å samtale om leksa på skolen. Ved den munnlege prøva kan eksaminator gje tilleggsspørsmål i det som er lesi såleis. 3-årig B-realskole. Kl. I (4 timar om veka). Normalplanen for byfolkeskolen (1939) set som minstekrav eit aktivt ordtilfang på 1000 ord, og dessutan eit større passivt ordtilfang. Som dei fleste realskoleklassane er samansette, kan det sumtid vere føremålstenleg til å byrje med å ta i bruk tekster (»simplified«) som i vanskegrad om lag svarar til det aktive ordtilfanget elevane skal ha nått i folkeskolen, så alle kan få kjenne at dei kan fylgje med, og få tillit til at dei kan finne ord for seg på engelsk. Det er frå fyrste stund turvande å leggje vinn på uttalen, slik at ikkje berre einskildlydane er i orden, men at rytme, samandragingar og setningsmelodi blir ekte. Hovudpunkta i grammatikken bør ein òg gå igjennom. I denne klassen les ein av det godkjende utvalet om lag 35 sider; dessutan ekstemporallesnad så mykje ein vinn. Skriftleg. I fyrste halvåret tek ein stutte attforteljingar, som kan greiast på ein skoletime. Siste halvåret noko lengre attforteljingar, som regel annakvar veke. Dessutan jamt og samt slike skriftlege øvingar på skolen som måtte høve i samband med den munnlege opplæringa, både i I. og II. klasse. Kl. II (4 timar om veka). I denne klassen les ein om lag 55 sider; dessutan ekstemporallesnad så mykje ein vinn. Ei attforteljing tek ein om lag annakvar veke. Arbeidet med å føre elevane inn i engelsktalande miljø gjennom engelsk i samtale, tekst, tonar og bilete, er viktig på alle læresteg. Eit slikt arbeid kunne alt frå II. klassen gje vilkår for skriftlege oppgåver i friare former attåt dei vanlege. Ved årsprøva i II. klassen prøver ein dugleiken til eksaminanden i å lese opp eit stykke av pensum; dernest prøver ein om han i ein samtale på engelsk kan gjere greie for innhaldet av det opplesne stykket; dessutan skal eksaminanden på engelsk kunne svare på spørsmål som gjeld samanhengen mellom det opplesne stykket og heile lesestykket, og som gjeld innhald og realia i lesestykket. Det er høve til å prøve eksami-
Skann 47 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 45». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/47/