SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 44 skann 46

— 44 — 2. Ei lita ålmenn oppgåve attåt attforteljinga, eit stutt svar på om lag ei halv side. T. d., Write a few lines to a friend on something British or American which you think will be of general interest, e. g. the weather, transport, sights, industries, famous men or women, films etc. Eller, Write a notice for the school bulletin-board announcing a coming event, e. g. school activities. Eller, Some entries for one day in the diary of a taxi-driver, a barber, a policeman etc. Eller, Suppose you had left your rain-coat in the waiting-room of a railway station — or at least you thought you had left it there, — write to the station about it. Det kan synast vanskeleg å få desse oppgåvene til å høve inn i undervisninga elles, for sume elevar som arbeider seint, ville aldri få tid til å svare på spørsmål attåt dei vanlege skriftlege attforteljingsøvingane på skolen. Men t. d. annankvar gong kunne klassen berre få forme skriftlege svar om emne som anten var ålmenne eller knytte til pensum eller til ei historie som vart opplesen. Det er i denne samanhengen verdt å nemne at før »den direkte metoden« hadde slått igjennom, var det ideelle oppgåvesvaret for mange den ordrette attgjevinga, der alt vart attgjevi nøye og utan feil. Dette synet var i samsvar med ein tanke som for oss er gamaldags, om at utanbokslæring var både mål og metode. »Den direkte metoden« har ført til eit skifte i synet: Den frie attgjevinga med rett innhald er den beste. Med fri attgjeving meiner ein at ho er fortald i eit naturleg, ledug språk og på ein sjølvstendig måte, noko som nett viser at eleven har herredøme over språket og har nått det mål som »den direkte metoden« set. Men innhaldet må ikkje bli attgjevi slik at det blir tunt eller får for einfelt ordval; på den andre sida må ikkje sjølvstendet hevde seg med unaturleg utbrodering med »flotte« ord og ordlag. Den ordrette attgjevinga bør ikkje få aller beste karakter. Ei fri og personleg attgjeving, som samstundes har rikeleg innhald, kan godt få S med litt feil. Eit slikt syn fører med seg at eleven alt i skoleåret må få vite om krava og få øving i å ta stoffet fritt. Leseplan. Ein les i alt om lag 170 sider av eit godkjent utval av hovudsakleg moderne engelske og amerikanske lesestykke. Av desse skal 90 sider vere eksamenspensum som høveleg kan bytast på desse gruppene: a) Om lag 10 sider poesi. b) Om lag 40 sider historisk og annan fagleg prosa. c) Om lag 40 sider novellistisk stoff.
Skann 46 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 44». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/46/