SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 43 skann 45

— 43 — engelsk-rom på skolen med lysbilet-, film- og filmstrip-apparat, radio-grammofon og arkiv som høyrer til, med blad, bøker og samlingar, t. d. myntar, frimerke og anna sermerkt, kunne hjelpe til å skape eit England og eller Amerika i miniatyr. Bruk av grammatikk. Det er ulike meiningar om verdet av serskild grammatikkundervisning, og om grammatikkundervisninga skal gå for seg på engelsk eller norsk. Ein skulle tru det var praktisk med ein grammatikk til oppslagsbok. Mange lærarar greier seg framifrå utan lærebok; dei får lært elevane den grammatikk som trengst, i samband med lesestoffet, serleg når dei går igjennom skriftlege arbeid. Andre held på serskild grammatikk-undervisning med stendige lekser. Her bør læraren få stå fritt. Skriftleg. Målet for engelskopplæringa i realskolen krev at dei skriftlege øvingane går hand i hand med dei munnlege. Dersom ein gjer dei skriftlege øvingane til ein organisk lekk i dei munnlege, vil ein kunne minke talet på dei regulære skriftlege oppgåvene, og såleis spare inn tid som med større vinning kan brukast til lesing og samtale på det framande målet, iallfall i dei to øvste klassane av den 3-årige realskolen. I III. klasse, med 5 timar engelsk om veka, må ein ikkje bruke meir enn jamt over ein veke-time til skriftleg øving og ein halv time til gjennomgåing. Ein må vere nøye med at ikkje meir tid blir brukt, anten ein no vil drive ein flink klasse fram til fine resultat eller ein vil berge ein dårleg klasse igjennom. I lengda fører ei steling av timar til skriftlege øvingar til at eksamenskrava kunstig blir drivne i veret, slik at jamvel engelsklærarar som er lojale mot timeplanen, blir tvinga med på leiken. Den skriftlege prøva ved realskoleeksamen i øvste klassen skal vere ei attforteljing på 300—350 ord, noko vanskelegare enn oppgåvene til realskoleeksamen i åra 1941—49 og noko vaksnare i poeng og tone. Ved sida av attforteljing kan ein dessutan førebels, med medhald i § 8 i lov om høgre ålmennskolar, søkje om å få prøve andre former for skriftlege oppgåver, som ein då måtte førebu i lægre klassar. Av slike oppgåver kan ein nemne: 1. Spørsmål i samband med attforteljinga. T. d. i samband med msk. 1929 el. 1938 uts.: What do you imagine was taking place in the mind of the British soldier (or Rembrandt's teacher), and what do you think of him? Eller i samband med A Clever Dog (msk. 1934 uts.): What is your opinion of the lady? Her age, her looks, her station in life, her family, her habits, her manners etc.?
Skann 45 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 43». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/45/