SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 26 skann 28

— 26 — er dramatisk eller kan dramatiserast, bør òg utnyttast på denne måten. Ved samtalar og arbeidsoppgåver kan ein utvida stoffet og trengja djupare inn i det. Men gamaldags »leksehøyring« av litterært stoff bør ein nytta minst mogeleg. Litteraturhistorie. I litteraturhistorie nyttar ein lærebok. I 3. klassen vil denne læreboka mest verta brukt som hjelpe- og oppslagsbok. Men når ein les pensum grundigare og meir samanhangande i 4. og 5. klassen, må litteraturhistoria òg lesast meir i samanheng. Serleg viktige avsnitt bør repeterast i siste klassen. Gamalnorsk. Til vanleg byrjar ein lesa gamalnorsk i 4. klassen, og ein nyttar ei godkjend lærebok. Stilskriving. Når ein ikkje reknar årsprøve- og eksamensstilane med, bør elevane både i 3., i 4. og i 5. klasse skriva i hovudmålet 7—8 stilar, og av dei minst 3 på skolen. I sidemålet i 3. klasse bør ein ta til med stilar så snart klassen maktar det, t. d. 2 t. på skolen 3—4 gonger og 1—2 gonger heime. I 4. klasse: 4 stilar (2 på skolen) og 3 andre arbeid på skolen i 2 timar kvar gong. I 5. klasse: 2 tentamenstilar, 2 skolestilar og 3 heimestilar. Serleg når det gjeld heimestilar, må ein ikkje minst i 3. klasse, men òg i 1ste halvåret i 4. klasse gje elevane høve til å nytta friare former for stilskriving, t. d. arbeidsoppgåver av ymse slag, skriftlege diskusjonsinnlegg, referatoppgåver o. l. Det høver best å ta arbeidet med rettskriving og grammatikk i samanheng med dei skriftlege arbeida. Det 4-årige landsgymnaset. Når det gjeld målet for undervisninga, eksamenskrav og ålmenne rettleiingar for opplæringa, viser ein til det som er skrivi for det 5-årige gymnaset. Leseplan. 1. klasse. Frå skoleåret byrjar og til jul kan det høva å samla arbeidet om hovudmålet, og eit par månader etter nyttår om sidemålet. I resten av skoleåret går arbeidet jamsides. Som tekster kan ein nytta ei høveleg lesebok med lette stykke av bokmenn frå nyare tid. I denne klassen bør ein lesa ei (eller fleire) norrøne soger i omsetjing.
Skann 28 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/28/