SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 23 skann 25

— 23 — tande. Best hjelp vil ein finna i litteraturlesnaden, som i dei skoleutgåvene som blir nytta, i det store og heile lyt fylgja linene for dei godkjende læreboknormalane. Elevane bør få lesa monaleg meir litteratur enn det eksamenspensumet som blir gjennomgått, også i sidemålet; det aukar kjennskapen til ord og ordbruk og styrkjer kjensla for rett og god målbruk. Det vil vera nyttig om elevane les minst ei av dei vanlege lærebøkene på sidemålet sitt, t. d. læreboka i litteraturhistorie, Noregshistorie, geografi. Kvar elev skal ved examen artium skriva ein hovudstil og ein tilleggsstil. I dei fleste klassar vil alle eller dei fleste ha same målform i hovudstilen. I slike klassar bør arbeidet med hovudmålet få om lag ⅔ av tida, arbeidet med sidemålet om lag ⅓, og det er naturleg at eksamenspensumet blir skift på dei to målformene i nokolunde same høve. Men ein elev som skriv hovudstilen (i skolen og til eksamen) i ei anna målform enn fleirtalet i klassen, skal ha all den rettleiing som det er rimeleg høve til å gje han. Han kan òg, om han vil, velja eit anna munnleg pensum enn fleirtalet i klassen, såleis at hans hovudmål blir rikelegare representert; men han har ikkje krav på å få serpensumet gjennomgått. Er talet på elevar som vel kvar av dei to målformene, jamnare fordelt, bør dette ha innverknad både på fordelinga av tida til undervisning i kvar av dei to formene og på fordelinga av eksamenspensumet. Skriftlege øvingar. Til ein norsk skolestil i hovudmålet kan ein rekna at det normalt bør brukast opptil 4—5 timar i dei øvste klassane, i sidemålet noko mindre, bortsett frå avgangsklassen. I alle desse klassane bør norsk ha to saman­hangande timar (gjerne måndagane så langt det kan høva) som fyrst og fremst vert nytta til skriftlege øvingar og alt som høyrer beinveges i hop med dei, slik som stilførebuing, stilgjennomgåing, rettskrivingsøvingar o. l. Nokre av desse timane skulle likevel kunna bli att til anna arbeid. Når det skal vera skoleskriving i norsk på 4 timar eller meir i saman­heng, lyt ein få 2 eller fleire timar frå andre fag, som må få dei att ved anna høve frå norskfaget, så langt råd er for timeplanen. I dei høgare klassane kan det vera bruk for samanhangande timar til skoleskrivingar t. d. i matematikk og fysikk på reallina, engelsk på engelsklina og norrøn­lina, latin på latinlina. Ved samarbeid måtte ein i mange høve kunna skipa det slik at klassane kunne få skriva norsk skolestil t. d. 6. kvar veke, og tilsvarande matematikk, fysikk, engelsk, latin like eins 6. kvar veke. Om oppgåvene i norsk stil. Meir enn i nokor anna faggrein i gymnaset har ein her ei sterk spreiing av stoffet. Ved sida av reint litterære emne vert det nytta oppgåver frå næringsliv, politikk, geografi, historie osb. og alle slags aktuelle sam-
Skann 25 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 23». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/25/