SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 6 skann 9

Feil! Fant ikke referansekilden. Kapittel 2: Mål og hovudmoment 2.1 Felles mål for modul 1 og 2 Elevane skal kunne uttrykkje seg klart og presist, både skriftleg og munnleg, og kunne avpasse innhald og språkbruk etter kva slags samanhengar ein ordlegg seg i kjenne og kunne nytte fagtermar frå yrkesområdet sitt i sakprosatekstar ha kunnskap om grammatikk og vanlege stilistiske verkemiddel og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med språk og tekst ha kunnskap om korleis situasjonen påverkar språkbruken og kunne nytte denne kunnskapen i praksis ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne lese og kommentere ulike slag tekstar ha kunnskap om dei viktigaste sjangrane i skjønnlitteratur og sakprosa og kunne skrive ulike slag tekstar ha kunnskap om korleis ein utviklar, byggjer opp, endrar og skriv ferdig ein tekst og kunne bruke denne kunnskapen i si eiga skriving kjenne ulike variantar av talemålet i sitt eige miljø ha kunnskap om språksituasjonen i Noreg i dag ha kunnskap om norsk litteratur med hovudvekt på tida etter 1940 ha noko kjennskap til omsett samisk litteratur ha noko kunnskap om viktige massemedium og korleis dei påverkar oss kunne bruke bøker, aviser og andre massemedium som informasjonskjelder kjenne til og kunne bruke hjelpemiddel som ordbøker, leksika og andre oppslagsverk kunne planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid
Skann 9 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 9

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 6». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/9/