SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 5 skann 8

Feil! Fant ikke referansekilden. 1.2 Norskfaget i vidaregåande opplæring Norsk er eit felles allment fag i alle studieretningar. Faget byggjer på den undervisninga eleven har fått i grunnskolen. I yrkesfaglege studieretningar skal alle elevar ha i alt 150 årstimar (gjennomsnittleg 4 veketimar) norsk. I studieretningane for allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag skal alle elevar ha i alt 524 årstimar (gjennomsnittleg 14 veketimar), som er kravet til generell studiekompetanse. Elevar som har teke norsk som felles allment fag på ei yrkesfagleg studieretning (grunnkurs og vidaregåande kurs I = 150 årstimar), kan byggje vidare på dette for å få generell studiekompetanse i norsk. Denne planen omtalar måla i for 150-timarsfaget, som er obligatorisk for yrkesfaglege studieretningar, og 524-timarsfaget, som er obligatorisk for dei andre studieretningane. Planen gir også eit oversyn over modulinndelinga og korleis ein kan byggje vidare på 150- timarskurset for å oppnå generell studiekompetanse i faget. Sjå vedlegg 1. Vurdering i faget er omtala i kapittel 3 og vedlegg 2. Modul 1 og modul 2 utgjer det felles grunnlaget som alle elevar i vidaregåande opplæring skal ha i norsk. Desse modulane er obligatoriske for alle studieretningane. Av pedagogiske og organisatoriske omsyn og for å kunne ta omsyn til ei viss tilpassing til studieretningane, har ein valt å setje opp modul 1 og 2 kvar for seg for yrkesfaglege studieretningar og modul 1 og 2 saman for studieretning for allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag. I yrkesfaglege studieretningar les ein modul 1 på grunnkurset og modul 2 på vidaregåande kurs I, mens modul 1 og 2 utgjer grunnkurset for dei andre studieretningane. Modul 3 og 4 byggjer på det felles grunnlaget frå modul 1 og 2, og dei fire modulane dekkjer til saman kravet til studiekompetanse i faget. I studieretningane for felles allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag er alle modulane obligatoriske, mens dei elevane som har teke modul 1 og 2 i ei yrkesfagleg studie-retning, kan ta modul 3 og 4 i tillegg for å få studiekompetanse i faget.
Skann 8 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 5». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/8/