SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 17 skann 20

Feil! Fant ikke referansekilden. Mål 9 Språk-og kommunikasjonslære Elevane skal utvikle vidare kunnskapen om språk og kommunikasjon frå grunnkurset. I tillegg skal dei kjenne hovudlinjene i norsk språkhistorie og viktige drag ved norrønt mål Hovudmoment Elevane skal ha utvikla vidare kunnskap og dugleik som er nemnde under same mål i tidlegare kurs ha kunnskap om viktige delar av norsk språkhistorie med særleg vekt på tida etter 1830 kjenne tilhøvet mellom sitt eige talemål og skriftspråka våre ha kunnskap om viktige trekk ved norrønt mål og kunne peike på viktige skilnader mellom norrønt og moderne norsk med utgangspunkt i norrøne tekstar (minst 3 sider) Mål 10 Litteratur Elevane skal ha kunnskap om norsk og nordisk litteratur frå dei eldste tider og fram til ca. 1900 og samtidig få litteraturhistorisk oversikt og samanheng. Tekstane skal setjast inn i ein samfunnssamanheng. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå verdslitteraturen Hovudmoment Elevane skal lese og ha kunnskap om norrøn litteratur Eit prosaverk (t.d. ei kort ættesoge eller eit utdrag frå Snorres kongesoger eller Gylfaginning) og eit eddakvad eller utdrag frå eit eddakvad (t.d. Håvamål) bør vere med i tekstutvalet. folkedikting Folkeviser, eventyr og segner skal vere med i tekstutvalet. 1600-1700-talet Eit utval litteratur der salmedikting og tekstar av Petter Dass, Dorothe Engelbretsdotter, Ludvig Holberg og Johan Herman Wessel bør vere med. ca. 1800-ca. 1850 Eit utval litteratur der Henrik Wergeland, Johan S. Welhaven og H.C.Andersen bør vere -ca. 1850-ca. 1870 Eit utval litteratur der Camilla Collett, Ivar Aasen, Aa. O. Vinje og Bjørnstjerne Bjørnson bør vere med. ca. 1870-ca. 1890 Eit utval litteratur der eit drama av Henrik Ibsen bør vere med. Tekstar frå minst fire
Skann 20 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 28

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 17». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/20/