SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 18 skann 21

Feil! Fant ikke referansekilden. andre sentrale forfattarskapar bør og vere med, og blant dei bør Amalie Skram vere representert. Også ein tekst av August Strindberg bør vere med i utvalet. Alle elevar bør ha lese ein roman frå realismen/naturalismen. ca. 1890-ca. 1900 Eit utval litteratur der Sigbjørn Obstfelder, Arne Garborg og Knut Hamsun bør vere med. kunne knyte noko litteraturhistorie, litteraturkunnskap og stilistikk til tekstane dei les Mål 11 Massemedium Elevane skal ha noko kunnskap om skriftlege massemedium fram til 1900. Hovudmoment Elevane skal ha noko kunnskap om framveksten av nokre skriftlege massemedium på 1800- talet (t.d. bøker, aviser, folkeopplysningsskrifter, skillingstrykk og vekeblad). Mål 12 Studieteknikk Elevane skal kunne arbeide sjølvstendig og planmessig og kunne overføre denne kunnskapen til arbeidet med andre fag Hovudmoment Elevane skal kunne finne fram til høveleg kjeldemateriale og kunne bruke det på ein kritisk måte kunne samarbeide om oppgåver og prosjekt kunne bruke delar av undervisningstida til å planleggje og gjennomføre eigne læringsprosjekt
Skann 21 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 18». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/21/