SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 26 skann 28

Norsk (4-5-5) i studieretning for allmenne fag 26 2. Formalkunnskap Vidareføring av arbeidet på det 1. og 2. årssteget. Det formelle i grammatikk, ortografi og ordlære bør no vere fullført, og ein bør ta sikte på å arbeide meir med stilistiske emne og språkproblem og emne som går på bruken av språket. 3. Språkhistorie, norrønt mål og norske dialektar (Elevar som har følgt emnelista for språkhistorie, norrønt mål og norske dialektar på det 2. årssteget, kan sløyfe arbeidet med språkhistorie på det 3. årssteget, og elles berre lese det tekstutvalget i norrønt mål og dialektar som er nemnt nedanfor.) Innføring i viktig norsk språkhistorie, med vekt på - norrøn og mellomnorsk tid, t.d. med litt av bakgrunnen for dialektutviklingar i norsk. Ei kort og enkel innføring i norrønt mål ut frå ein eller få lette norrøne tekstar, som berre tener til eksemplifisering. (Ein bør sjå innføringa i norrønt mål saman med det som er sagt om norrønt mål nedanfor.) - tida etter 1830, med vekt på å forstå språkpolitikk og målkløyving i Noreg fram til våre dagar - noko kjennskap til dei andre nordiske språka, t.d. gjennom korte tekstprøver. Noko kjennskap til dei viktigaste dialekttrekka i Noreg (jamvekt, tjukk 1, palatalisering, blaute konsonantar) og til dei viktigaste dialektgrensene, for at elevane skal forstå og respektere det folkelege talemålet betre, og gjennom det få større språkleg toleranse. Ein kan lese ca. fem ulike dialektprøver med dette siktemålet. Ei innføring i norrønt mål, som tek sikte på å gje elevane noko kjennskap til norrønt mål som system og til somme særtrekk ved språket i forhold til moderne norsk (bøyingsspråk, kasusspråk, ordstilling). Ein skal lese ca. sju sider lette tekstar med dette siktemålet, men det blir ikkje stilt strenge kunnskapskrav når det gjeld gloser og bøyingar. Inntil fem av desse sidene kan vere på nyislandsk, og i alle høve bør elevane få møte ein nyislandsk tekst. Dersom ein ønskjer det, kan ein leggje noko større vekt på språkhistorie, norrønt mål og dialektar. Eit slikt opplegg kan ein velje i staden for periode- eller tema-, genre- eller forfattarstudiet i litteratur. Ein skal da lese sju sider norrøne tekstar ekstra, med noko større krav til omsetjing og opplesing. Av desse sju sidene kan inntil fem vere på nyislandsk, resten er tekstar frå norrøn litteratur. Dessutan blir det kravt ei grundig innføring i dialektane, idet ein skal gå igjennom om lag fem sider dialektprøver ekstra frå ulike kantar av landet. Elevane skal da ha kjennskap til særdraga i dei dialektane dei les prøver på.
Skann 28 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/28/