SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 25 skann 27

Norsk (4-5-5) i studieretning for allmenne fag 25 representerer ulike språkfunksjonar eller stilmønster. Tekstane kan spenne frå opplysning til påverknad, eller vere t.d. statistikk, lovtekstar, utdrag av leksika eller lærebøker. Dessutan kan tekstane vere frå ulike tidsepokar. På grunnlag av eit slikt tekstmateriale blir kandidaten bedt om å velje ein av fleire alternativt formulerte synsvinklar. Han kan velje ein argumenterande synsvinkel og skrive eit debattinnlegg til bruk i eit nærmare bestemt høve. Eller han vel å gje ein språkleg analyse, eventuelt kombinert med ei vurderande samanlikning av språkbruken til ulike skrivarar i forhold til emne og situasjon. Eit slikt større tekstmateriale vil normalt også kunne opne for eit fritt forma essay eller t.d. eit tenkt radiokåseri. Dessutan kan ein tenkje seg ein historisk synsvinkel. Det dreiar seg her om dei same språklege funksjonane som ein har arbeidd med i faget, men oppgåvetypen stiller store krav til modnad, oversikt og analytisk evne. Han krev også eit visst tempo i arbeidet, både når det gjeld å orientere seg i tekstar og å formulere skriftleg. Til gjengjeld bør ein leggje noko mindre vekt på kor langt oppgåvesvaret er, og heller la eit relevant innhald og klare, presise formuleringar telje meir. b) Oppgåva tek utgangspunkt i ein tekst. Denne teksten er grunnlag for anten eit resonnerande svar, å vurdere tekstinnhaldet og/eller argumentasjon eller ei resonnerande utgreiing om emnet, eller ei personleg prega framstilling, t.d. ein kommentar til teksten og/eller emnet. 2. Ein/to frie stilar i tradisjonell form. Emnet bør ikkje vere så omfattande eller vanskeleg at stoffmengda eller stoffmangelen blokkerer eleven når han skal svare på oppgåva. 3. Litterær analyse. Analysen knyter seg til ein eller fleire tekstar (dikt, novelle, utdrag). I tillegg til sjølve analysen kan oppgåva også innehalde ein personleg kommentar. Dei oppgåvetypane som er omtalte ovanfor, vil gå inn i eit oppgavesett til den avsluttande eksamen, både i hovudmål og sidemål. Settet bør vere sett saman av oppgåver frå alle tre gruppene, men kor mange oppgåver det skal innehalde, vil kunne variere. Oppgåvene til eksamen i hovudmål vil vere litt vanskelegare enn til eksamen i sidemål, både når det gjeld emne, bakgrunnsstoff og omfang. Dessutan må sjølvsagt krava til lengda, innhaldet og utforminga av svaret vere strengare for hovudmålet enn for sidemålet. 111. Språkkunnskap Emneliste for 3. årssteget 1. S ide mal skii n n skap Vidareføring av arbeidet på det 1. og 2. årssteget. Ein må no leggje større vekt på grundig arbeid, og ta opp emna i breiare samanheng. Det reint formelle må ein kunne redusere til eit minimum. I staden må ein konsentrere innsatsen om å bruke sidemålet skriftleg, mest i lengre framstillingar. Når ein behandlar språket, må ein leggje litt meir vekt på stilistiske forhold i tillegg til innhald og rett språkbruk.
Skann 27 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/27/