SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 8 skann 10

Religion representerer for individa, samfunna og kulturane. Det bør likevel kome klart fram i undervisninga korleis den enkelte religionen, ikkje minst kristendommen, gjer krav på å representere sjølve sanninga. Ein slik presentasjon vil kunne tvinge fram respekt for trua og overtydinga til andre grupper. Det er nødvendig i vår tid at menneske som soknar til ulike system, lærer å respektere kvarandre på grunnlag av rett informasjon og forståing. Kravet om å tolerere og respektere meiningane til andre har som føresetnad at ein sjølv kan ha ei overtyding å gje uttrykk for. I undervisninga gjeld dette både elevane og læraren. Det er eit viktig mål for arbeidet med faget at elevane får både lyst og vilje til å vere sjølvstendige. På grunnlag av informasjonar, konfrontasjonar og det innsyn faget kan gje, saman med øving i å tenkje sakleg og konstruktivt vil ein kunne inspirere elevane til sjølve å tenkje over meininga med livet. Å interessere seg for eit fag som går på menneskelege livsproblem også i samfunnsmålestokk, vil gje føresetnader for og inspirasjon til eit aktivt engasjement. Om arbeidet med faget på skolen vil kunne skape dette engasjementet, er ikkje minst avhengig av arbeidsmåten. Kunnskap i fagområdet har alltid ein verdirelasjon, og studiet må derfor ta sikte på meir enn å tileigne seg formelle kunnskapar. På same måten som t.d. i litteraturstudiet i norskundervisninga må ein prøve å leve seg inn i stoffet og la dei verdiane som stoffet representerer, kaste lys over eins eigen situasjon. Ein verkeleg konfrontasjon skjer først når ein møter verdiane på ein engasjerande måte. 3. EMNEPLAN 3.1 . Dei konsekvensar målet har for utvalet av fagstoff Stoffet må vere aktuelt og meiningsfylt for elevane. Det er naturleg med dette fagstoffet: - det religiøse livet i verda i dag - kristendommen — dei konfesjonelle utform ingane av kristendommen — dei problemstillingar som rår i dagens moral- og livssynsdebatt. Framstillinga av religionar, konfesjonar, ideologiar og livssyn må vere slik at dei som soknar til dei ulike systema, kan godkjenne det. Framstillinga bør likevel ikkje vere nøytral på den måten at ein lét kontroversielle tema liggje og ikkje lét divergerande syn kome til uttrykk.
Skann 10 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 8». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/10/