SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 34 skann 38

34 hovudmål skriftleg og i norsk sidemål skriftleg. Prestasjonane i hovudmålet skal telje om lag to tredelar og i sidemålet om lag ein tredel av den samla karakteren i norsk skriftleg. Etter det 2. og 3. årssteget får elevane tre standpunktkarakterar, ein i norsk hovudmål skriftleg, ein i norsk sidemål skriftleg og ein i norsk munnleg. Vurderinga må byggje på målet for faget og det stoffet som blir gjennom gått. I målet er munnleg og skriftleg språkbruk jamstelte. Dette må ein ta omsyn til ved vurderinga, slik at arbeidet med munnleg språkøving får den vekt det skal ha i opplæringa. Både når ein vurderer den munnlege og skriftlege dugleiken, må ein leggje vekt på om elevane kan ordleggje seg greitt og rett, kor rik språkføring dei har, og kva for kunnskap og innsikt dei viser. Ein må under dette vere merksam på at språk og litteratur er jamstelte fagområde. Ein skal også ta omsyn til det ekstra arbeidet som eleven har gjort i faget, t.d. foredrag, skriftlege særoppgåver eller andre emne som eleven har arbeidd med. Grunnlaget for å vurdere den munnlege dugleiken vil læraren ha i det daglege skolearbeidet, ved særskilde prøver og ved særlege oppgåver som elevane tek på seg, t.d. foredrag, orientering 0.1. Grunnlaget for å vurdere den skriftlege dugleiken vil læraren ha i ulike former for oppgåver som t.d.: Oppgåver som er knytte til yrkesretta stoff (brev, søknader, rapportar). Oppgåver som er knytte til ein tekst eller eit samansett tekstmateriale. Vanleg fri stil. I sidemålet må oppgåvene vere noko enklare enn i hovudmålet. Prøver i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, og slik at dei kan motivere og fremje læringa. Prøvene bør så langt råd er ha karakter av øving. Det er om å gjere å finne fram til prøver som syner om elevane kan setje seg inn i, ordne og gjere greie for eit emne. Både skriftlege og munnlege prøver bør vere varierte, slik at elevane kan få syne kva dei kan på ulike område. 6. HJELPEMIDDEL Til undervisninga i morsmålet må skolen ha - eit godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur på både hovudmålet og sidemålet - klassesett av høveleg nordisk skjønnlitteratur, og av ikkje-nordisk skjønnlitteratur i omsetjing - skolekringkastingsprogram, klassesett av teksthefta og lydband med god teknisk kvalitet - utval av innlesen skjønnlitteratur på lydband eller plater
Skann 38 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 34». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/38/