SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 33 skann 37

33 å lese ein del supplerande stoff som dei har særleg interesse for i tillegg til kjernestoffet i klassen. Men da må dei alltid ha tilgang til slikt supplerande stoff. 4.5. Koordinering med andre fag Ein del emne i norsk høver til undervisningssamarbeid med andre fag, særleg samfunnsfag, filosofi, religion og språkfag. Ved felles planlegging vil det vere lettare å behandle slike emne samtidig og samordna i ulike fag. Ein del emne i samfunnsfag vil kunne utdjupe litteraturlesinga og gje elevane betre innsikt i og større forståing av dei problema litteraturen tek opp. På same måte vil det vere naturleg at ein i norsktimane arbeider med litteratur som tek opp religiøse og etiske problem samtidig som desse problema blir tekne opp i religionstimane. På det 2. og 3. årssteget vil venteleg filosofi og norsk kunne ha emne felles, t.d. emne som tolking og presisering. Forholdet mellom språkbruk og person, bakgrunn og formål kan også vere eit felles emne, alt etter kor mye klassen vil konsentrere seg om dette. Ein del emne og oppgåver i norsk språklære kan det passe å koordinere med framandspråk. 4.6. Studieteknikk Dei friare og meir varierte undervisningsformene i norskfaget stiller nye og større krav til elevane om sjølvstende og gode arbeidsvanar. I tillegg til den generelle, teoretiske innføringa i studieteknikk vil det bli behov for særskild studierettleiing i norsk. Elevane må bli orienterte om dei hjelpemidla skolen har til rådvelde for arbeidet med faget, slik at dei kan bruke det arbeidsstoffet dei sjølve har, saman med det som finst på skolen. I førstninga av skoleåret må elevane få ei orientering om målet for og innhaldet i faget. Den planen som læraren har laga i samråd med elevane, må ein sjølvsagt kunne endre dersom det blir behov for det. Dette er særleg viktig det første året. Den planlegginga som ein gjennomfører for kvart årssteg, må omfatte dei ulike arbeidsmåtane som ein tenkjer å bruke, kva slags lærestoff og hjelpemiddel ein kan bruke og korleis ein kan dele undervisninga i periodar, prøver osv. 5. VURDERING Elevane skal ha standpunktkarakter etter kvart årssteg. Etter det 1. årssteget får elevane to standpunktkarakterar, ein skriftleg og ein munnleg. Karakteren i norsk skriftleg byggjer på elevane sine prestasjonar i norsk
Skann 37 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 33». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/37/