SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 31 skann 35

3. Læreplan. Del 2 31 språkleg, litterær, yrkesfagleg eller allmenn karakter. Studiet av periode, tema, genre eller forfattarskap på det 3. årssteget vil ein med fordel kunne leggje opp som prosjekt. Det same gjeld innføring i språkhistorie, norrønt mål og dialektar på det 2. årssteget. Skriftlege arbeidsformer må etter emnelistene omfatte mange typar oppgåver, alt frå enkle øvingar i rettskriving og formverk til større, samansette oppgåver. Det skriftlege arbeidet bør ein leggje opp slik at det blir ein klar progresjon på årssteget og ein stigande vanskegrad frå årssteg til årssteg. Dei skriftlege oppgåvene må ta omsyn til både føresetnadene hos elevane og deira faglege og yrkestilknytte interesser. 4.3. Undervisningsformer Fagplanen reknar med at det er ei rimeleg veksling mellom ulike undervisningsformer på dei tre årsstega. Dette er nødvendig av omsyn til differensieringa og for å skape nødvendig avveksling i arbeidssituasjonen. Læraren bør i samråd med elevane leggje ein framdriftsplan for undervisninga og for vekslinga mellom ulike undervisningsformer, slik at opplegget blir fast og målretta, og slik at elevane kan sjå samanhengen mellom innhald og undervisningsform. Undervisning i samla klasse vil framleis ta ein god del av undervisningstida. I klassesituasjonen må ein nytte mange former for undervisning. Sjølv om læraren til vanleg leier undervisninga, bør han oppmuntre elevane til å medverke aktivt med foredrag, orienteringar 0.1. Klasseundervisninga vil kunne omfatte former som foredrag (av læraren, elevane eller andre) demonstrasjon, orientering gjennomgåing av stoff og oppgåver samtale om ulike emne, diskusjon rettleiing i klassen oppsummering. Gruppearbeid kan gje variasjon i undervisninga, utvikle samarbeidsevna hos elevane og øve dei i å planleggje og gjennomføre ei oppgåve. Litt av arbeidet med litteraturen vil ein med fordel kunne gjere i grupper. Det same er tilfelle når ein studerer ulike teksttypar og skrivesituasjonar, og når ein arbeider i tilknyting til eventuell storklasseundervisning. Undervisning i storklasse vil vere ei naturleg form ved foredrag, orientering, opplesing, filmframsyning og demonstrasjon. Elevane må få høve til å notere. Det vil også vere aktuelt med forarbeid i klassen og etterarbeid og gjennomgåing i mindre grupper. Individuelt arbeid vil vere den vanlegaste arbeidsforma t.d. ved periodetema-, genre- eller forfattarstudiet på det 3. årssteget. Elevane bør vere med på råd når heimearbeidet blir planlagt. På denne måten blir elevane medansvarlege for at tidsramma blir halden. Litterære
Skann 35 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 31». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/35/