SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 30 skann 34

30 Arbeidsformene nedanfor kan kome på tale i dei fleste gruppene og klassane: Frie munnlege aktivitetar må bli ein vesentleg del av opplæringa i norskfaget. Av slike aktivitetar kan ein nemne: orientering frå læraren om oppgåver og arbeid, gjennomgåing av stoff, spørsmål og svar, samtale om ulike emne og eksaminasjon. Slike munnlege aktivitetar vil ein måtte bruke på alle årsstega. Det er viktig at elevane øver i mest mogeleg naturlege situasjonar slik at dei er aktivt med. Leseøvingar med rettleiing skal hjelpe elevane til ein betre og sikrare uttale, ei tydelegare og meir samanhangande lesing og ei klarare framføring av stoffet. Leseøvingane må ein knyte til kjent stoff av ulikt slag med stigande vanskegrad. Slike øvingar vil det særleg vere naturleg å ta opp på det 1. årssteget. Ordskifte med innleiing og oppsummering har ein naturleg plass i morsmålsopplæringa. Denne arbeidsforma lærer elevane å ta del i debatt eller samtale, og å vurdere dei synspunkta andre har, noko som kan ha stor verdi både i samarbeidet på skolen og seinare i livet. Emne for slike ordskifte/samtalar vel læraren i samråd med elevane. Den øvinga i ordskifte/samtale som elevane får i klassesituasjonen, kan få ei utvida og meir realistisk form ved foredrag, teaterbesøk og filmframsyning med diskusjon etterpå. Tolking og presisering av ord og uttrykk skal gje elevane betre innsikt i språklege nyansar og øving i klar og presis språkbruk. Slike øvingar vil kunne gå for seg både munnleg og skriftleg. Da dette er ei krevjande arbeidsform, vil ho høve best for dei to siste årsstega. Det er viktig at elevane får eit arbeidsmateriale som er lagt godt til rette for dei. Tekstlesing i ulike former er viktig når ein arbeider med morsmålet. Oversiktslesing skal øve elevane i å setje seg inn i ei større stoffmengd og i å skaffe seg oversikt over dei viktigaste momenta i ein tekst. Denne arbeidsforma kan gje elevane verdifull øving for seinare utdanning og yrke Fordjupingslesing skal hjelpe elevane til å forstå eit stoff, gjerne i detalj når det gjeld språk og innhald. Denne arbeidsforma vil vere vanleg når ein studerer dikt, noveller og korte sakprosatekstar. Også i ein del større verk vil det vere behov for fordjuping. I andre større verk kan ein lese delar som fordjupingslesing og resten som oversiktslesing. Tekstanalyse og tolking kan ein naturleg knyte til fordjupingslesinga. Når ein arbeider med litteratur, bør ein veksle mellom fordjupingslesing og oversiktslesing gjennom alle tre årsstega, både for klassen og for kvar elev. Ved prosjektarbeid tek klassen, gruppa eller enkelte elevar for seg eit større emne etter ein fast framdriftsplan. Slike prosjekt kan vere av
Skann 34 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 30». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/34/