SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 24 skann 28

24 B. LITTERÆRE HOVUDPUNKT Litteraturlesinga på det 2. årssteget har to hovudfunksjonar. Ho skal gje elevane oppleving, litteraturhistorisk oversyn og samanheng. Stoffet skal ein i hovudsak ta frå tida før 1900 og stort sett lese det som oversiktslesing. (Om oversiktslesing, sjå side 28.) Det stoffet som er ført opp under a, er kjernestoff. Stoffet under b er meint anten som supplement for heile klassen, ekstralesing for grupper i klassen eller individuell tilvalslesing. Stoffet under b kan ein også hente frå litteraturen i andre land, og frå ulike genrar som t.d. dokumentarlitteratur, kriminallitteratur, biografiar, populærvitskaplege skrifter, science fiction og reiseskildringar. Anten a 1 Mellomalder og folkedikting: Eit prosaverk, (t.d. (utdrag av) ei ættesoge eller utdrag frå Snorres Kongesoger eller frå Gylfaginning) (ca. 10 s.) Eit eddakvad eller utdrag frå eit eddakvad Ei folkevise Eventyr og segner (10 s.) Dansk-norsk felleslitteratur: 1-2 dikt (eller prosastoff i tilsvarande omfang) Det 19. hundreåret: Eit større verk Eit utval dikt (5-10 s.) Eit utval korte tekstar (ca. 50 s.) Eller a 2 Mellomalder og folkedikting: Ei ættesoge (eller tilsvarande prosastoff) (ca. 10 s.) Eventyr og segner eller ei folkevise (5 s.) Dansk-norsk felleslitteratur: 1-2 dikt (eller prosastoff i tilsvarande omfang) Det 19. hundreåret: Eit verk Eit utval dikt (ca. 5 s.) Det 20. hundreåret: Eit utval korte tekstar (ca. 50 s., sakprosaen skal vere ca. 1/5 eller meir) Både for a 1 og a 2 gjeld at arbeidet med litteraturhistoria må skje i samband med tekstlesinga. Anten b 1 Verk (romanar, skodespel frå det 18. og 19. hundreåret) (gjerne ein Holberg-komedie)
Skann 28 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 24». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/28/