SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 25 skann 29

25 (Eventuelt kortare tekstar (noveller, essay, sakprosa, dikt) i staden for verk) (Somme av dei kortare tekstane kan eventuelt vere frå det 20. hundreåret) (Eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) Eller b 2 Verk (romanar, skodespel frå det 18., 19. og 20. hundreåret) (Eventuelt korte tekstar (noveller, essay, sakprosa, dikt) i staden for verk.) (Dei kortare tekstane kan ein velje frå det 20. århundret) (Eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) Somme av dei korte tekstane under b 1 og b 2 bør vere svenske og danske originaltekstar (ca. 5 s. av kvar) C. ARBEIDSTEKNIKK Her følgjer ein opp arbeidet frå det 1. årssteget i den grad det er nødvendig 3.2.3. Emneliste for 3. årssteget A. SPRÅKLEGE HOVUDPUNKT I. Munnleg bruk av språket Emneliste for 3. årssteget: Vidareføring av aktivitetane frå det 1. og 2. årssteget, så langt det er naturleg og ønskjeleg. Krava til prestasjonar og framføring aukar. Ved slutten av kurset bør elevane ha fått godt herredømme over form og uttrykksmåte i munnleg framstilling. //. Skriftleg bruk av språket Emneliste for 3. årssteget: Vidareføring av oppgåvetypane frå det 2. årssteget. Vanskegrad, omfang og krav til innhald og form aukar. Hovudmengda av oppgåvene må ein hente frå gruppa resonnerande framstillingar, men også dei andre gruppene bør vere representerte, særleg oppgåvetypar som personleg forma essay og tolking av litterær tekst. Alle elevane skal opp til ein felles eksamen etter det 3. årssteget, og målet for undervisninga i skriftleg bruk av språket kan ein best skissere ved ein omtale av dei oppgåvetypane som kan vere aktuelle: 1. To oppgåver som er knytte til eit tekstmateriale. a) Oppgåva tek utgangspunkt i eit samansett tekstmateriale med tilknyting til eit bestemt emneområde (emne eller interessefelt). Tekstgrunnlaget varierer etter det som er naturleg i forhold til emnet eller oppgåveformuleringane, ettersom tekstane.representerer ulike språkfunksjonar
Skann 29 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/29/