SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 20 skann 24

20 Sak/situasjonsbundne oppgåver Sakleg framstilling (utgreiing, skildring, orientering) Omsetjing Rapport, referat (frå tekstar), resymé (samandrag) Referat (frå bandopptak og foredrag) Kommentarar (til tekstar og bandopptak) Oversikt Personleg prega framstillingar Skildring, skisse Forteljing Omsetjing Brev,lesarbrev Personleg forma essay Tolking av litterær tekst Novelle, dikt, collage Resonnerande framstillingar Enkle tolkingar og presiseringar Enkle resonnerande oppgåver (eventuelt med dokumentasjon, om ønskjeleg som "stil") Yrkesretta oppgåver Forretningsbrev og søknader Arbeidsrapportar Fullmakter og avtalar ///. Språkkunnskap Den teoretiske språkkunnskapen skal vere med på å utvikle forståing for språket, dei verkemidla språket har, og gjere elevane meir dugande i å bru ke språket rett og verknadsfullt. Så langt det er mogeleg bør det vere ei nær tilknyting mellom teori og praktiske øvingar. Emneliste for 1. årssteget: (Dei to hovudgruppene nedanfor er kjernestoff (i kursiv). Den detaljer te lista over ulike emne under kjernestoffet er ikkje bindande, og føresetnadene til elevane vil avgjere i kor stor mon og kor grundig ein skal arbeide med dei emna det er gjort framlegg om.) 1. Sidemålskunnskap Opplæring i formverket og setningslæra med skriftlege og munnlege øvingar 2. Formalkunnskap Øving i ortografi og teiknsetjing Gjennomgåing og øving av ordklassar og setningslære Arbeid med orddanning, framandord og lånord
Skann 24 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 20». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/24/