SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 19 skann 23

19 3.2.1. Emneliste for 1. årssteget A. SPRÅKLEGE HOVUDPUNKT L Munnleg bruk av språket Utviklinga av elevane si evne til å bruke morsmålet munnleg er ei viktig side av faget Eitt mål for den munnlege undervisninga må vere at elevane kan lese tydeleg og riktig, og kan oppfatte og formidle innhaldet i tekstar som dei arbeider med. Vidare bør undervisninga sikte mot å gje elevane så godt herredøme over den munnlege forma og uttrykksmåten som kvar elev har føresetnader for. Elevane bør også få bruke sin eigen dialekt og lære å forstå verdien av dialektane og av god munnleg språkføring. Lista over munnlege aktivitetar bør ikkje vere bindande. Ulike forhold i klassen vil avgjere kva ein skal gjere, og korleis ein skal gå. fram. Læraren må prøve å innby til munnlege aktivitetar når det er naturleg, til samtalar i samband med det faglege arbeidet, drøfting i tilknyting til skriftlege arbeid, diskusjon, gruppearbeid, foredrag osv., og drøfting av aktuelle hendingar i skolemiljøet og elles. Emneliste for 1. årssteget: (Døme på munnlege aktivitetar; kjernestoffet er i kursiv.) Høgtlesing (og stillelesing med etterfølgjande utgreiing) Samtale (i gruppe eller klasse) Orientering, demonstrasjon, presentasjon Framlegging av t.d rapport, referat, utgreiing Diskusjon (gjerne med førebudde innlegg) Enkle foredrag Dramatisering Song Kritisk studium av massemedium (aviser, bøker, brosjyrar o.l.) Møteleiing Intervju U. Skriftleg bruk av språket Undervisninga bør ha som grunnlag å føre elevane inn i ulike språkfunksjonar, i skilnadene mellom objektiv og subjektiv språkbruk, og i den påverknaden skrivesituasjonen har på språkbruken. Men denne innføringa skal ikkje vere noko mål i seg sjølv. Målet må vere å utvikle den skriftlege evna hos elevane alt etter føresetnadene deira, slik at dei på best mogeleg måte kan gje uttrykk for det dei veit, tenkjer og kjenner i eit korrekt og klart språk med orden og logisk samanheng i framstillinga. Dette gjeld for begge målformer. Emneliste for 1. årssteget: (Dei fire hovudgruppene nedanfor er kjernestoff (i kursiv). Den detaljerte lista over ulike oppgåvetypar under kjernestoffet er ikkje bindande, og føresetnadene til elevane vil avgjere i kor stor mon og kor grundig ein skal arbeide med dei oppgåvetypane det er gjort framlegg om.)
Skann 23 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 19». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/23/