SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 18 skann 22

18 knytte til andre felt i samfunns- og kulturlivet enn det feltet deira studieretning omfattar. Ein bør i det heile prove å unngå at norsk blir eit "studieretningsfag" i staden for eit allmennfag. 3.2. Emneliste 3.2.0. Generelt om dei tre årsstega Dei tre årsstega er bygde opp som avslutta einingar, men ein bør leggje arbeidet opp med sikte på ein naturleg progresjon over to eller tre år. I emnelistene må ein av praktiske grunnar skilje mellom dei to hovud- delane av faget, den språklege og den litterære delen. I undervisninga bør ein så langt det er mogeleg sjå dei ulike delane under eitt og la dei verke saman. Den språklege delen omfattar systematisk undervisning i å bruke språket munnleg og skriftleg Ein bør freiste å bruke dei tilknytingspunkta som finst mellom dei to bruksområda undervisning i språkkunnskap, der ein arbeider inn viktige grammatiske omgrep, øver inn sentrale formalkunnskapar, får innføring i elementær stilistikk og drøfter aktuelle språkproblem gjennomgåing av norsk språkhistorie med innføring i norrønt mål og norske dialektar, og noko kjennskap til dei andre nordiske språka. Den litterære delen omfattar lesing av og arbeid med eit utval norsk litteratur lesing av eit mindre utval litteratur frå dei andre nordiske landa og dessutan noko framand litteratur i omsetjing innføring i elementær litteraturteori innføring i og kjennskap til sentrale delar av norsk litteraturhistorie, med utsyn til nordisk litteratur og til verdslitteraturen elles. Arbeidsteknikk er viktig i alle fag, men i norsk er arbeidsteknikken i større grad enn elles knytt til aktivitetar i faget I emnelistene er somme emne definerte som kjernestoff som dei fleste elevane skal arbeide med, mens dei kan arbeide med dei andre emna etter ønske og behov. Når det gjeld fagleg nivå og progresjon, er det viktig at undervisningsopplegget i norskfaget tek utgangspunkt i føresetnadene hos kvar elev, og i nivået til klassen. Dessutan bør ein også så langt det er ønskjeleg og naturleg når det gjeld å velje stoff og aktivitetar, tenkje på den studieretninga elevane har valt Føresetnadene til elevane vil derfor i vesentleg grad avgjere kor stor vekt ein skal leggje på dei ulike emna i emnelistene, og kjernestoff et og det oppgjevne minstesidetalet i litteratur må ein i enkelte tilfelle sjå på som rettleiande og ikkje bindande.
Skann 22 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 18». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/22/