SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 16 skann 20

16 Norsk (4-5-5) 1. GENERELL INFORMASJON Norsk er eit av dei felles allmenne faga i dei 2-årige grunnkursa og i studieretning for allmenne fag. Det har fire veketimar første året og fem timar andre og tredje året. 1-årige kurs i studieretningar for yrkesfag har eige 2-timars kurs i norsk med samfunnskunnskap. Fagplanen for dette kurset står på side 44 i del 2 av læreplanen. I tillegg finst det fagplanar for desse linjefaga og valfaga i del 3 og 4 av læreplanen: 1. året 2. året 3. året Norsk, språkleg kurs (del 3): 3 (0) 0 (3) Norrønt mål (del 3): 3 5 Litteratur (del 4): 2 2 2 2. MÅL 2.1. Gjennom arbeidet med faget skal elevane skaffe seg kunnskap i norsk språk og øving i å ordleggje seg korrekt og presist både munnleg og skriftleg få orientering om norsk språkutvikling og om aktuelle språkproblem slik at dei kan utvikle ei aktiv og medviten holdning til språket få øving i å oppfatte og oppleve ulike slag litteratur, føresetnader for å lese med rikare utbyte, og større interesse for verdifull lesnad - skaffe seg kjennskap til norsk litteratur og til viktige periodar i norsk litteraturhistorie, noko kjennskap til dansk og svensk språk og litteratur og til verk frå verdslitteraturen - få noko kjennskap til stilistiske verkemiddel få øving i å bruke bøker, aviser og andre massemedium kritisk som infor- masjonskjelder. Undervisninga tek elles sikte på å hjelpe elevane til personleg vekst og modning ved å utvide deira allmenne livsorientering og utvikle deira sans for kulturelle og estetiske verdiar.
Skann 20 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/20/