SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 142 skann 146

142 Samisk Grunnkurs i C-språk (begynnarsteget) Kurset i samisk vil hovudsakleg omfatte ortografi og formverk språklege uttrykk: generell syntaks verbale uttrykk nominale uttrykk Med tanke på vanskegraden når ein skal lære inn strukturen i språket, bør ein ikkje vente at grunnkurset skal gje eit ordforråd på meir enn 600-1000 ord. Grunnkurs i B-språk Kurset skal gje ei vidare innføring i dei uttrykksmåtane som samisk språk rår over: avleiing - modulering og nyansering: ordvalør ordfølgje suffiks partiklar Elevane bør få innføring i: skriftnormalar i nordsamisk - dialektskilje - språkhistorie Ein må nøye vurdere omfanget av pensumlitteraturen i forhold til føresetnadene hos elevane. Men ein bør ta sikte på å lese meir enn det som kan vise seg å vere forsvarleg å føre opp som eksamenspensum. Som utgangspunkt kan ta sikte på eit eksamenspensum på 60-100 sider, med halvparten til intensiv lesing. 3.3. Kommentarar til arbeidsstoffet Det sidetalet for arbeidsstoffet som er oppgjeve, må ein sjå på som ei ramme som ein reknar med at klassane eller gruppene stort sett kan greie å fylle. Talet på lesesider kan ikkje vere noko bindande mål for det arbeidet som er utført i klassen. I enkelte klassar eller grupper kan forholda for opplæringa vere slik at elevane har best utbyte av å arbeide med noko mindre lesestoff enn det som er oppgjeve. I andre klassar kan elevane kanskje lese meir enn det sidetalet som er oppgjeve. Det samla omfanget av arbeidsstoff omfattar både intensivt og ekstensivt lesestoff. Det stoffet som blir lese intensivt, bør vere minst ein firedel av det samla arbeidsstoffet Men læraren skal stå fritt til å regulere dette forholdet noko etter kva som er best for opplæringa. Ei side som er lesen intensivt, tilsvarar fire sider lesne ekstensivt.
Skann 146 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 142». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/146/