SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 121 skann 125

121 Skriftleg dugleik: Grunnlaget for å vurdere skriftleg dugleik finn læraren i ymse former for oppgåver, som t.d.: oppgåver som er knytte til yrkesprega stoff oppgåver som er knytte til ein tekst eller eit samansett tekstmateriale vanleg fri stil. I sidemålet må oppgåvene vere noko enklare enn i hovudmålet. Prøving: Prøvene i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, slik at dei kan motivere og fremje læringa. Prøvene bør så langt råd er ha karakter av øvingar. Det er om å gjere å finne fram til prøver som viser elevane sine evner til å setje seg inn i, ordne og gjere greie for eit emne. Både dei skriftlege og dei munnlege prøvene bør vere av skiftande slag, slik at elevane kan få syne kva dei kan på ulike område. Sidemålet: Vurderinga av sidemålet går inn i den skriftlege standpunktkarakteren, og må vektleggjast i høve til plassen det har hatt i norskfaget, dvs. med kring ein fjerdepart. 5.2 Eksamen Det kan haldast skriftleg eksamen i faget. Eksamenstid: 5 timar Tillate hjelpemiddel: Sidemålsordliste Eksaminandar som har nynorsk som sidemål, kan bruke sidemålsord- liste med fornorskingstillegg (ikkje ordbok) som hjelpemiddel. Eksamensoppgåvene vil vere henta frå kjernestoffet og til vanleg vere fleirdelte. Ei av deloppgåvene skal skrivast på sidemålet. I den samla vurderinga skal denne telje ein fjerdedel. Skriftlege eksamensoppgåver kan vere: vanleg fri stil (med eller utan tilknyting til tekst) tolking av tekster (synspunkter, argumentasjon) debattinnlegg (avis, manus til tale o.l.) - yrkesmerkte oppgåver (brev, rapportar, intervju, skildringar, kommentarar). Munnleg prøve: Elevar og privatistar kan takast opp til munnleg prøve i faget. Eksaminandane skal prøvast i det stoffet dei har arbeidd med i munnlege samanhengar. Dei kan og prøvast i tilvalsstoffet. Under prøva skal det takast omsyn til kandidatane sine evner til å uttrykkje seg klart. Der det høver, kan gruppeeksamen nyttast.
Skann 125 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 121». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/125/