SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 120 skann 124

120 - undervisninga må vere godt organisert med tanke på emne, hjelpemiddel og arbeidsformer - stoffet må presiserast eller demonstrerast så klart og konkret som mogleg elevane må stimulerast til å vere aktive - elevane må få høve til å avklare stoffet og summere opp røynslene frå læreprosessen. 4.4 Samordning med andre fag Ein føresetnad for å få norsk med i eit samarbeid med andre fag er at lærarane er innstilte på å sjå naturlege samanhengar på tvers av faggrensene. Eit samarbeid over faggrensene vil auke motiveringa hos elevane for norskundervisninga. 5. VURDERING 5.1 Standpunktkarakterar Munnleg og skriftleg dugleik i norsk er likeverdige. Elevane skal ha ein skriftleg og ein munnleg standpunktkarakter i faget. Vurderinga av sidemålet går inn i den skriftlege karakteren. Vurderinga må byggje på målet for faget og det arbeidet som er gjort både når det gjeld kjernestoff og tilvalsstoff. Vurderinga må dessutan ha grunnlag i det arbeidet elevane har gjort gjennom heile skoleåret på eiga hand og i fellesskap med andre. Ein må ikkje berre ta omsyn til det dei presterer på slutten av skoleåret. Prøvene bør gå inn som ein naturleg del av undervisninga slik at dei kan motivere og fremje læringa. Det er viktig at prøvene blir lagde opp slik at ein også prøver elevane sine evner til å ordne og handsame eit stoff og burdere det kritisk. Da munnleg og skriftleg bruk av språket er jamstelt, må ein under vurderinga ta omsyn til at arbeidet med munnlege øvingar får den tyngda det skal ha i opplæringa. Både når ein vurderer den munnlege og den skriftlege dugleiken, må ein leggje vekt på den evna elevane har til å ordleggje seg greitt og rett, kor rik språkføring dei har, og kva for kunnskap og innsikt dei viser. Ein må her vere merksam på at språk og litteratur er jamstelte fagområde. Ein skal også ta omsyn til dei tilleggsarbeida elevane har gjort i faget, t.d. foredrag, skriftlege særoppgåver eller andre emne dei har arbeidd særskilt med. Munnleg dugleik: Grunnlaget for å vurdere munnleg dugleik har læraren i det daglege skolearbeidet, ved særskilte prøver og ved særlege oppgåver som elevane tek på seg, t.d. foredrag, orientering 0.1.
Skann 124 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 120». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/124/