SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 103 skann 107

103 Klassen kan t.d. få ansvaret for å skipe til ein konferanse om eit bestemt tema med foredragshaldar utanfrå (eller ein kan nytte skolen sine lærarar) Ei slik tilskiping vil 6g kunne ha interesse for andre fag (t.d. organisasjon og marknadsføring), og elevane vil få trening i møteleiing, diskusjonsteknikk osv. som høyrer naturleg inn under eit slikt arrangement. Frie munnlege aktivitetar vil vere viktige delar av opplæringa i faget. Tildømes: t - orienteringar og stoffgjennomgåing spørsmål og svar - samtalar og ordskifte 4.2.3 Munnlege framføringar av case-løysingar eller elevforedrag, gjerne med andre elevar som opponentar med det føremålet å hjelpe elevane til: - ein klår og sikker uttale - ei klår, sakleg framføring av stoffet - dokumentasjon 4.2.4 Tolking og presisering av ord og uttrykk for å hjelpe elevane til: - logisk analyse av ulike tekster å uttrykkje seg gjennom presise og klåre formuleringar Desse øvingane vil vere både skriftlege og munnlege. Passande tekster å arbeide med vil vere oppgåvetekster som ein nyttar til skoleprøve, reklametekster, artiklar frå fagtidsskrift etc. Under dette arbeidet vil det høve å drøfte kjeldebruk, kjeldekritikk. objektivitet, subjektivitet, kriterium for kva som er sant og truverdig. 4.2.5 Under arbeidet med litteraturen bør ein setje seg grundig inn i dei litterære verka som ein les. Ein skal tileigne seg litteraturhistoriske kunnskapar omkring forfattar og tidbolk. Dei litterære verka bør veljast i samarbeid med elevane, og det vil vere ein fordel om dei ymse arbeidsgruppene dekkjer eit størst mogleg område. På den måten ville det vere mogleg å kaste lys over litteraturomgrepa frå fleire synsvinklar. 4.2.2
Skann 107 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 103». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/107/