SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 102 skann 106

102 3.3.4 Andre kommentarar til emnelista Ein må gå ut frå at elevane meistrar grunnreglane i grammatikken før dei tek til i vidaregåande kurs 11. Hovudtyngda må no leggjast på praktisk språkbruk og på korleis språket verkar i ulike samanhengar og situasjonar. Utgangspunktet må vere "kven seier kva til kven - når, korleis, kvifor, og med kva verknad?" Analyse av språkbruk må gå ut på å undersøkje ei tekst frå desse synsstadene: - måten språkbrukaren nyttar språket på - innhaldet i teksten, og den informasjonen som teksten gir - tilhøvet mellom sendar og mottakar I hovudsak vil ein slik analyse gå ut på å avdekkje føremålet med ulike ordleggingsmåtar, tolking av argument og vurdering av innhald og den ideologi innhaldet byggjer på. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 Arbeidet med faget Faget Norsk og kommunikasjon bør i stor mon vere knytt til elevane sin eigen livssituasjon. Arbeidsoppgåvene og arbeidsmåtane gjer faget holdningsskapande. Difor vil sjølve læringsprosessen stå sentralt i dette faget. Elevane må sjølve venje seg til å planleggje arbeidsoppgåvene sine og ta ansvaret for si eiga læring. Det er viktig at dei får høve til å samarbeide om løysing av dei ymse arbeidsoppgåvene i faget. Arbeidsoppgåvene må sikte mot - å utvikle elevane sine evner til sjølvstendig, kritisk og sakleg vurdering, til toleranse og samarbeidsvilje - å utvikle elevane sine interesser for aktuelle problemområde - ågi elevane opplæring i sunne og effektive arbeidsvanar - å gi elevane høve til å tileigne seg større forståing for og innsikt i problem og situasjonar som for dei er meiningsfylte. 4.2 Arbeidsformer 4.2.1 Slik skolen si generelle målsetjing er, og slik målet for faget er formulert, bør elevane m.a. få opplæring i å arbeide i grupper. Dei bør dg få ei innføring i gruppearbeid som arbeidsform og korleis ein får ei gruppe til å fungere (konfliktløysing, korleis ser ein gruppemedlem på seg sjølv i gruppesamanheng o.l.). I den mon det er mogleg, bør elevane få. høve til å praktisere metoden.
Skann 106 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 102». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/106/