SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 101 skann 105

101 3.3 Kommentar til emnelista 3.3.1 Språket som reiskap i kommunikasjon Elevane må få høve-til å nytte språket i ulike skriftlege og munnlege samanhengar. Det er 6g viktig at elevane får øving i å vere både sendar og mottakar. I stor mon må elevane dg få arbeide med tolkings- og presiseringsoppgåver. Dei må kunne skilje mellom dei ulike former for utsegner som blir nytta som definisjonar, påstandar og argument. Slik må ein kunne auke elevane sin tame i å skrive og lese våre to offisielle målformer. Enkle stilistiske omgrep og metodar må kunne nyttast i arbeidet med dei ulike tekstene. Ein tenkjer her på at elevane skal kunne peike ut og vurdere bruk av bilete, bruk av ulike typar stil, vanskegrad og forholdet mellom objektivitet og subjektivitet. På same vis må elevane og kunne få tame i å skilje ut og drøfte døme på god og dårleg stil. 3.3.2 Sidemålet I arbeidet med sidemålet bør det vere stort rom for språklege øvingsoppgåver, der ein legg vekt på naturleg og klår bruk av språket i ulike samanhengar. I opplæringa bør ein vere varsam med, og helst unngå, oppramsing og pugg. I den mon det er mogleg, bør øvingane i sidemålet ta utgangspunkt i elevane sin praktiske kvardag, og dei bør få øve seg i å skildre situasjonar og opplevingar som dei kjenner frå eiga røynsle. I arbeidet med sidemålet bør den einskilde eleven få arbeide med øvingar av ulik vanskegrad. Rapportar, referat og ymse oppgåver som fell naturleg i høve til studieretninga sin særart, bør kunne vere aktuelle øvingar for dei fleste elevane. For dei elevane som frå før har eit godt grunnlag i sidemålet, bør det og vere høve til å arbeide med større oppgåver. 3.3.3 Arbeidsmåtar som ein del av læringsprosessen Arbeidsmåtar er i seg sjølv læring. I ulikt omfang har elevane tidlegare fått ei viss innføring i enkle studie- og arbeidsteknikkar. Denne planen legg stor vekt på arbeid i grupper. Dette er emne til læring som speglar av den utvikling og den endring i arbeidsmåtar som blir meir og meir vanleg i arbeidsliv, i høgre utdanning og i vaksenopplæring. Kollektive arbeidsmåtar har i dag etter måten stor plass i den verda som møter elevane utanfor skolen. I ei slik ramme får læraren ei ny rolle. Han blir rettleiar for elevane i deira arbeid med å finne fram til kjelder for kunnskapar og for strevet deira med å få arbeidsfellesskapet til å verke.
Skann 105 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 101». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/105/